Viser innlegg med etiketten Aktuelt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aktuelt. Vis alle innlegg

søndag 23. mai 2010

Action på Pizza Inn!

    


Link til omtale i Avisen Agder.

søndag 27. desember 2009

Spikarmatte!



Då har eg hatt mine første 10 minutt på den nye Shakti-matta mamma var så heldig å få til jul! Var ikkje noko serleg godt dei første par minutta, men ein vente seg til det etter kvart, og det gjekk då an å liggje litt meir avslappa. Kjente at eg vart heilt varm på ryggen etter ei stund. Det ska visst vere med på å auke blodsirkulasjonen, løyse opp spenningar og gje djup avslapping! Hjelp vel ikkje akkurat noko serleg med berre ein gong då men...

Fleire som har testa ut spikarmatter?

tysdag 8. desember 2009

Nokon som har det!

















Nokon har ein smule større båt enn andre... Flekkefjords rikaste mann; Einar von Hirsch, eller Einar Gert Christoph von Hirsch som han eigentleg heiter, har lagt til kai ved Tollbodbrygga! Kva er det med at alle rikingar har så innvikla namn?

måndag 2. november 2009

Grisesjuka!

Nøff-nøff! Ein må jo ha vore på månetur i det siste om ein ikkje har høyrd om svineinfluensa, eller grisesjuka som eg likar å kalle den. Det er mykje snakk om risikogrupper, smitte og forebyggjande tiltak, men kor reell er denne trusselen? Er mykje av det mediaskapa? Eller er det legemiddelindustrien som tener på at me vaksinerar oss og kjøper influensamedisin som "står bak" ? Kor hysteriske skal me eigentleg bli? Det er jo mange som allerede har fått den, og med dei fleste går det jo bra.


 (Bilde lånt av Sissel Nystad)

Ein blir jo sjuk i ny og ned uansett, men det er jo litt skummelt når i utgangspunktet heilt friske menneske har døydd av dette, det er jo ikkje til å kimse av. Kjenner fleire som har hatt svineinfluensa, og med dei har det i allfall gått bra. Endå er jo vaksina forbeholdt dei i risikogruppene, så me får vente til det blir vår tur, så får me sjå om me skal ta ho eller ikkje. Det er jo ein del bivirkningar av den òg...

Er du redd for å få svineinfluensa? Skal du vaksinera deg?