Viser innlegg med etiketten Fjelltur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjelltur. Vis alle innlegg

torsdag 17. juli 2014

Hilleborg og St.Hans

I sankthanshelga fekk me besøk av mamma nokre dagar, kjekt med besøk! Då rakk me både det eine og det andre. Skulle eigentleg på båttur på laurdag, men så fann me ut at det vart betre vër på søndag, dermed vart det fjelltur på laurdag i staden for. Då tok me turen til Gumpefjell, som eigentleg ikkje ser ut som eit fjell!




Pizza Inn er obligatorisk:


Båttur og bading:



Feiring av sankthansaften på Flekkefjordsvis, med tenning av Spira på fjorden.







Mamma var kjempesprek, og hadde to turar opp trappene til Lilleheia kvar dag.


onsdag 16. juli 2014

Pinsebesøk

Som tradisjonen tru, so fekk me besøk av Liv Mary og Nerland i pinsehelga. På laurdagen stod båttur til Dåtlandsstrand på programmet, der vart det både fjelltur og rekeeting.








På søndag tok me turen til Lista, der me fekk sett vindmøllar, helleristningar og listastrendene.





Etter å ha vore i Lyngdal og ete god mat, drog me innom utsiktspunktet Olsby i Rauli.




På måndag vart det båttur igjen, der me på veg ut til Torsøy traff på ein svanefamilie. Nerland var ivrig i matinga!




Takk for ei kjekk helg!!

måndag 30. juni 2014

Overnattingstur til Hidra

I begynnelsen av juni tok me turen til Hidra for ei båtovernatting. Vakna opp til kjempefint vër, og tok oss ein formiddagsfjelltur, fint!!





søndag 3. november 2013

Fjelltur til Ravnåsen!

For nokre veker sidan, knaut me på oss fjellskrea, og tok turen til Ravnåsen.
Lengje sidan forrige fjelltur, så var verkeleg på tide. Me hadde ein fin tur i haustvêret sjølv om skodda øydela deler av utsikta.





søndag 18. august 2013

Båt- og fjelltur til Hidra

I går var me nok ein gong på båttur, denne gongen gjekk turen til Hidra. Me la til kais i Rasvågen og snørte joggeskoa på. Turen gjekk då vidare til Langelandsfjell, der me fekk utmerka utsikt over havet.






Etterpå hadde me lunsj på bryggekanten, før me køyrde gjennom Eiekanalen og satte kursen mot Flekkefjord att.