Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2011

Kino, fjelltur og sirkus!!

På fredag var me på kino og såg "Sønner av Norge". Trudde eigentleg den skulle vere hakket artigare enn den viste seg å vere, men den var heilt grei. Og viss nokon har ein ønske om å sjå Sven Nordin utan ein tråd, er dette filmen for deg!


I går var det igjen duka for fjelltur, to toppar på ein gong sto for tur: Kjørsfjell og garden Li. Me fekk eit fint fjellvêr, grått, men ikkje regn. Me traska avgarde, Per Gunnar med sine nye fjellsko, og eg med mine gamle, og me hadde akkurat teke oss over ei elv, då me høyrde ein mystisk lyd... Og trur du ikke det plutseleg byksa fram ein elg og ein elgkalv nesten rett framfor oss?! Men dei sprang heldigvis den andre vegen, og me kom oss velberga opp på første toppen.




Etter kvart fann me òg vegen til garden Li:



Når me hadde komme oss heim frå fjellturen, og teke oss ein velfortjent dusj, hadde Per Gunnar så lyst på sirkus, så då vart det til at me for dit òg. Ikkje alt som var like artig då men...


torsdag 21. oktober 2010

Haust!

Hausten er her, hadde eg tenkt å skrive, men i dag kom no eigentleg vinteren då men. Her kjem vertfall ein aldri så liten haustfilm.

fredag 15. oktober 2010

Den store kinokvelden!

I kveld får X-faktor vere X-faktor, og Senkveld vere Senkveld, for i kveld er den store kinokvelden. Eg og Per Gunnar har nemleg bestilt billettar til både Maskeblomstfamilien og Fritt Vilt III! Så då blir me å finne i kinosalen i Kvinesdal frå åtte og nesten til midnatt!!

torsdag 13. mai 2010

Spasertur på Himmelspretten!

I dag har me gått oss ein liten tur i byen, og dermed teke nokre bilete.







Video frå Skienstur!

Video fra årets første grilltur!

Me har no endeleg teke oss tid til å redigere nokre gamle videoar, her kjem den første frå når me tok vår første båttur til Torsøy og grilla.

tysdag 9. mars 2010

Rundtur i Flekkefjord

Her kjem eit par filmsnuttar som me tok opp på sundag når me var ute og vasa:



søndag 21. februar 2010