Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg

laurdag 30. mars 2013

På påsketur

På langfredag var eg og mamma ute og gjekk tur, då me besteig Gossen's høgste fjell, nemleg Jermannburet! Flott påskevêr og fin utsikt.


 
 

søndag 24. mars 2013

Blåtur og bakels

I dag har me vore ute på tur att, og då bars det opp trappene til Lilleheia, og vidare til Søyland, fint vintervêr.




 Etterpå har me pynta til påske og ete bakels!!



laurdag 14. april 2012

Påska 2012!

Er vel i grunnen ei stund sidan det egentleg var påske no, men sidan eg er så treg med blogginga, kjem det nokre bilete frå påska no likevel...


Var heime hjå mamma på Gossen ein del av påska, Linda og Michal var òg der, kjekt å treffe dei att. Tida gjekk med til å høyre på påskelabyrinten, ete mat, sjå fjernsyn, spele Alias, lese bøker, ete mat, spele Wordfeud, ete mat og kose oss. Eit par joggeturar vart det òg tid til, og det var vel og bra!




På søndag vart eg med Per Gunnar til Lyngstad, der eg fekk truffe Liv Mary og Nerland, og Lena & Co, det var kjekt! På måndagen for Per Gunnar og Nerland på havet ilag med Høvdingen, medan eg, Liv Mary, Lena og Dina tok turen til Farstad og gjekk tur. Om kvelden drog me innover til Molde på kamp, og når me då fekk oss ein siger, var alt som det skulle vere! Tysdag gjekk turen attende til Flekkefjord og jobbkvardagen, tok forresten same fly som Gahr Støre, kjendis!!



Ivrig supportar!!

laurdag 23. april 2011

Flott båttur i går!!

I går var eg på besøk hjå Per Gunnar, og då tok eg, Per Gunnar, Liv Mary og Nerland oss ein fin båttur i det fantastiske påskevêret. Etter kvart kom me fra til ein fin plass, der me kom oss i land, og etter mykje om og men fekk me òg grilla oss pølse, etter at bålsjef Nerland kom med einerbuskane sine.





måndag 5. april 2010

Hekleopplæring og nålfilting!

I påska har eg prøvd meg på noko eg aldri hadde høyrd om før, nemleg nålfilting. Linda hadde med seg ull, isoporkular og ei filtnål, og dermed var det berre å setje i gang. Påskekjuklingar vart produsert i stor stil! Eg har laga den gule...

 
I tillegg har eg lærd meg å hekle, og er no i gang med ei hue!

søndag 4. april 2010

På påsketur til Ørnhaugen!

I dag tok eg, Linda og Kari oss ein søndagstur til Ørnhaugen, med oss hadde me litt proviant! Det har vore eit skikkeleg fint vêr i dag, med nesten sommarlege temperaturar, heile 10 grader var det. Deilig og komme seg ut no når det vårast!!



Påskemorgon slukker sorgen!


I dag tidleg hadde me påskefrukost, som i tillegg til mykje god mat, innehaldt teikning på egg! Her er nokon av dei kreative resultata:



torsdag 1. april 2010

Fotballaktivitet i påska!

Eg, Linda og Michal var tidlegare i dag på kunstgrasbanen på Riksfjord. Der vart det triksing, sentring, skyting, heading og litt fotballspeling. Her kjem nokre bilete av dette. Har òg filma litt, men det får heller komme seinare!!