Viser innlegg med etiketten Handarbeid/Hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handarbeid/Hobby. Vis alle innlegg
torsdag 11. november 2010
måndag 20. september 2010
Heklaskjerf!
Då er eg endeleg ferdig med heklaskjerfet som eg byrja på for sånn omlag to månadar sidan, tok si tid då men. Er vertfall storfornøgd med resultatet, og no når det byrjar å bli kaldare i vêret passar det fint med eit skjerf!
søndag 25. juli 2010
torsdag 15. april 2010
Heklahue!
Då er eg faktisk ferdig med å hekle den hua eg byrja på i påskeferien, synes den vart rett fin eg! Så no spørs det om eg må avgarde for å gjere innkjøp av meir garn, og fortsette på neste hue, eller noko anna rart... Kjenner eg meg sjølv rett, kan det ta si tid!
Her ser de iallfall det fantastiske resultatet:
måndag 5. april 2010
Hekleopplæring og nålfilting!
I påska har eg prøvd meg på noko eg aldri hadde høyrd om før, nemleg nålfilting. Linda hadde med seg ull, isoporkular og ei filtnål, og dermed var det berre å setje i gang. Påskekjuklingar vart produsert i stor stil! Eg har laga den gule...
I tillegg har eg lærd meg å hekle, og er no i gang med ei hue!
I tillegg har eg lærd meg å hekle, og er no i gang med ei hue!
laurdag 19. desember 2009
Ferdigstrikka! :D
Heyy! Ganske fornøgd med meg sjølv no, eg har nemleg klart og strikka ferdig eit par labbar! Plana var å bli ferdig før jul, og det klarte eg jo. Hugsar sist eg strikka labbar, då låg dei eit halvår før eg gidda å feste alle dei lause trådane. Men det har eg òg gjort no. Dei passa til og med, imponert over meg sjølv eg! ;)
Dei blir god å ha no som vinteren har satt inn for fullt, med ein temperatur som i går kraup ned mot 10 minus, og i dag som snøen lavar ned.
Sjå så fin dei vart:
Dei blir god å ha no som vinteren har satt inn for fullt, med ein temperatur som i går kraup ned mot 10 minus, og i dag som snøen lavar ned.
Sjå så fin dei vart:
fredag 30. oktober 2009
Strikking! :)
Tru det eller ei, no har eg byrja å strikke! Skikkeleg avanserte greier òg, med fleire fargar som du ser! ;) Ok, så er det berre av eitt nøste med fleire fargar då, hehe. Skal ikkje skryte på meg noko stor strikkekarriere akkurat, sjølv om genene skal vere i orden på dette området. Eigentleg er det jo litt artig å strikke, vertfall når du ser at det blir ganske fint (?) til slutt. Men det er ikkje alltid så lett å få tid til alt, så dette har ikkje akkurat vorte så volsomt prioritert. Spørs kor lang tid det tek før eg blir ferdig med prosjektet....
Nokon som trur dei ser kva eg er i ferd med å strikke?
Nokon som trur dei ser kva eg er i ferd med å strikke?
Abonner på:
Innlegg (Atom)


