Viser innlegg med etiketten Sport. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sport. Vis alle innlegg

søndag 6. mars 2011

Supersøndag!

I dag har det vore eit fantastisk fint vårvêr, så då måtte me benytte anledninga til å komme oss ut ein tur. Så innemellom VM og VM, laga me oss bakels og kakao, og tok turen ut på isen. Der skøyta me oss rundt ei stund, før me tok oss ei velfortjent pause og kosa oss i sola. Våren er no på full framgang, så det spørs om det er siste turen vår på skøyter for denne sesongen.








No etterpå har me sjølvsagt fått med oss den avsluttande øvelsen i ski-VM, nemleg 5-mila. Og den gjekk no fin-fint! :)

måndag 26. juli 2010

Ishockeymatch!


Noreg vann overlegent dagens ishockeykamp mot Sverige, med sluttresultatet 9-4. Sverige fekk forøvrig godkjent eit mål som burde vore annulert. Noreg er på biletet representert ved Per Gunnar.

fredag 2. juli 2010

I Stavanger på sandvolleyball!

I går var eg, Linda, Michal og mamma ein tur i Stavanger for å sjå sandvolleyball. Sat i solsteiken i mange timar for å sjå på. Var bra stemning, fint vêr og mykje flott volleyball, sjølv om det ikkje gjekk like bra med alle dei norske laga..


Etter volleyballen var planen å shoppe litt, men to av oss var ikkje heilt i shoppinghumør, så det vart ikkje den heilt store handlinga. Men Michal fekk skaffa seg Tour de France-magasinet, så då var dagen redda! Og eg vart fotografert saman med ein artig kar! :)


Etter kvart starta me på heimvegen, men stoppa på Ålgård hjå tanta og onkelen til Michal, der me fekk servert is og fersken, og traff ein litt skummel hund.

søndag 17. januar 2010

Skøyteløparar

No har me vore på isen tre dagar på rad! Det er kjekt å komme seg litt ut i frisk luft, og attpåtil få både trim og ha det artig på kjøpet! Her kjem to små snuttar av våre fantastiske skøyteferdigheter: