Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
laurdag 29. desember 2012
Julaften 2012
Er attende i Flekkefjord etter ei koseleg julefeiring på Gossen, med mykje god mat og trivelege folk!
onsdag 21. desember 2011
laurdag 25. desember 2010
fredag 25. desember 2009
onsdag 23. desember 2009
Lille julaftan!
I dag er det lille julaftan, og det betyr ein ting: Mandel i grauten. Linda fann mandelen i fjor, og ho måtte difor kjøpe mandelgåve i år. Ho fann den så klart i dag òg... Alltid like spanande å sjå kven som endar opp med den, (ikkje like spanande for nokre år sidan kanskje, då eg fann han ca. 5 år på rad då men...:) Linda er i gang med det same no ser det ut som.
I tillegg har me pynta treet, lagt gåvene på rett plass, og hoppa litt!
I tillegg har me pynta treet, lagt gåvene på rett plass, og hoppa litt!
tysdag 22. desember 2009
Baking på Gossen i dag!
I dag har me baka kvite kakemannar, det var god det. Varme, nysteikte menn, damer, grisar, stjernar, hjertar, mmmmmm, godt ja! :)
torsdag 10. desember 2009
søndag 29. november 2009
Vasking og pynting!
I dag har me vaska heile leiligheita og bilen, så no har me vore rett så flinke! I tillegg har me pynta til både advent og jul, så no har me fått det fint her! Har ikkje all verden med pynt, men litt har me då. Ikkje så mykje vits å pynte så veldig, i og med at me reiser heim i jula, men koseleg med litt pynt! Etterpå skal me tenne det fyrste ljoset i adventsstaken.
fredag 20. november 2009
Snart jul!!?!
Eg gledar meg sånn til jul!:) Det er så kjekt å komme heim til Gossen og mamma. Det er noko heilt spesielt med jula, det er så koseleg. I år skal eg vere heime i heile to veker, det skal bli godt før det etter jul blir travelt med mykje jobbing... Julemiddagen med pinnekjøtt er så klart eit høgdepunkt, det blir så godt at eg blir heilt vill berre ved tanken!
Har for nokre veker sidan tjuvstarta litt med julekosen, både pepparkakar og mandarinar har me stappa innpå. Tru det eller ei, så har eg faktisk kjøpt inn nokre julegåvar òg!
Tenkte det kunne vere greit å slenge inn ei aldri så lita ynskjeliste her, i tilfelle nokon har lyst til å kjøpe noko til meg til jul:)
Her kjem litt jule/advent-stemning:
(Dumt denne ikkje visast på fjernsynet i år...)
Har du starta på jula? Ha ei fin førjulstid! :-)

- CD-mappe.
- Massasjeolje.
- Kaffikanne (gjerne ei litt lita og snerta ei).
- Svart belte, både sånn vanleg for å ha inni hempene på buksa, og sånn midt-på-magen-belte.
- CD: "The Boy Who Knew Too Much" med Mika.
- Eos leppepomade (gjerne rød).
- Nedtellingsklokke til matlaging (kva heiter det eigentleg?)
- Sånn hue som Linda har på seg her.
- Smykker, øyredobbar, skjerf, anna "stasj".
- Bøker: "Tapte symbol" av Dan Brown, "Havfruen" av Camilla Läckberg. Også andre bøker, men litt lett å treffe på ei eg allereie har eller har lese.
- Isskrape.
- Suppeause (plastik).
- Kartbok/vegbok (gjerne brukt NAF-bok).
- CD-stativ.
- Pondus bordkalender 2010.
Her kjem litt jule/advent-stemning:
(Dumt denne ikkje visast på fjernsynet i år...)
Har du starta på jula? Ha ei fin førjulstid! :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)