Viser innlegg med etiketten Musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Musikk. Vis alle innlegg

onsdag 11. november 2009

Dina Misund!

"I know" er den nyaste sangen til Dina Misund, opprinneleg frå Misund, men bur no i Trondheim. Eg spelte saman med henne på Træff, men ho har fleire talent enn fotball, berre høyr her:




Her kan du stemme på Dina, slik at ho kan få opptre på finaleshowet til X-faktor.

tysdag 3. november 2009

Snart Cupfinale!! :D

No er det snart klart for cupfinale!! Etter mykje om og men med skaffing av billettar, endte me til slutt opp med to billettar frå Telemark Fotballkrets. Takk til Finn Morten og Bent! Er glad me slapp å betale for både buss tur/retur Molde, diverse mat på bussen, og hotellopphald, så det var bra me avventa betalinga til Peer Gynt. Då har me fleire pengar som me kan bruke på supportareffektar, som det flotte skjerfet med orddelingsfeil på... Men det er vel utsolgt allerede...


Bilde av ei som gler seg like mykje som oss! Plex!

Eg gler me sånn til helga og søndag spesielt, at eg kan nesten ikkje vente!! Skal bli ufatteleg deilig å sjå når Berg Hestad nok ein gong skal heve pokalen over hovudet (forhåpentlegvis)..! No er det berre 5 dagar att!
Eg håper verkeleg at Moldelaget spelar godt, og tek ein knusande seier over lillebror.

For at de skal komme i cupfinalestemning, legg eg ut årets cupfinalevideo:



Kva synes du om Molde's cupfinalevideo?

Heia Molde!!! :-)

tysdag 27. oktober 2009

Kul musikkvideo! :)

Fann ein kul musikkvideo på youtube i dag:

måndag 26. oktober 2009

Diverse fra helga!

Fredag var me som sagt på VAMP-konsert, men sidan me måtte slå av mobiltelefonane våre under konserten fordi den kunne forstyrre pacemakeren til ein i bandet, så fekk eg diverre ikkje teke bilete... Legg heller ut nokre bilete frå vorspelet og frå Maritim etter konserten.

Ann-Marie, Nong og Reidar.


Hilde.


Arnstein, Per Gunnar og Emil.


I går var me på fjelltur, på Stolsåta, det betyr at me har tatt alle 15 toppane for i år. Det var vått og surt ute, og på toppen holdt me på å fryse oss ihjel medan me skreiv oss inn i boka. Godt me er ferdige!! Sidan det låg regn i lufta, vart mobilen igjen i bilen, dvs ingen bilete frå turen...

torsdag 22. oktober 2009

VAMP!


I morgon skal me på VAMP-konsert på Maritim! Sidan me vann quizen for september, pluss at me leda etter tre runder i oktober, så har me til saman fått 14 gratisbillettar! Ikkje verst! Veit ikkje kven som skal og ikkje enda, men skulle tru me blir ein god gjeng. Konserten startar kl 20, meden dørane opnar kl 19, så blir hektisk for meg som òg skal til Sola på kurs i morgon... Men gler me uansett til konserten, satsar på det blir ein del folk, og bra steming! :)



Legg her ut ein link som smakebit:

Tir n'a noir