laurdag 2. april 2011
På vikingtokt!!
Sidan Viking stakk av med sigeren over Fredrikstad i stad, tok me oss ei aldri så lita vikingtokt. Fekk samtidig lufta syklane litt òg! Viktig med hjelm - både på sykkel og i skipet!
fredag 1. april 2011
laurdag 26. mars 2011
Årets første fjelltur!
I finvêret i dag snørte me på oss fjellskoa og då bars det i veg på fjelltur. Hadde eigentleg tenkt oss på ein annan topp, men sidan me hadde vorte inneparkert, vart det ein tur på Storeheia istadenfor. Med blodappelsin som niste, starta me med godt mot opp mot toppen. Var uvant med fjelltur igjen, sjølv om det ikkje var lange vegen, men opp kom me oss vertfall! Fin utsikt over Flekkefjord.
Per Gunnar måtte frampå kanten som vanleg...
laurdag 19. mars 2011
søndag 6. mars 2011
Supersøndag!
I dag har det vore eit fantastisk fint vårvêr, så då måtte me benytte anledninga til å komme oss ut ein tur. Så innemellom VM og VM, laga me oss bakels og kakao, og tok turen ut på isen. Der skøyta me oss rundt ei stund, før me tok oss ei velfortjent pause og kosa oss i sola. Våren er no på full framgang, så det spørs om det er siste turen vår på skøyter for denne sesongen.
No etterpå har me sjølvsagt fått med oss den avsluttande øvelsen i ski-VM, nemleg 5-mila. Og den gjekk no fin-fint! :)
måndag 21. februar 2011
Bursdag og turgåing!
På laurdag var me på Nerland og feira 60-årsdagen til Gudbjørn, der fekk me god servering, og det var riktig så triveleg. Fekk oss òg ein fin rusletur, fekk sett Hummervågen og Braukæsteinene.
søndag 13. februar 2011
Utkledningsbursdag i går!
I går var eg å feira bursdagen til Hilde, og då var det utkledning på gang. Fekk kjøpt meg eit hippie-kostyme, så slik såg eg ut i går...
Her kjem nokre bilete av nokre av dei andre, mange kreative utkledningar. I tillegg hadde me med oss Kjelling & Kjelling ut på byen i går! Var ein kjekk kveld.
laurdag 12. februar 2011
onsdag 9. februar 2011
Bursdag i dag!! :)
I dag blir eg jaggu heile 27 år! Nesten så eg byrjar å verte vaksen, men berre nesten. Har feira dagen med smørbrød og is på jobb, fekk òg ein fin bukett med blomar! Når eg kom heim stod nachosen klar på bordet, snille Per Gunnar diska opp med deilig middag i dag! Etter kvart vart det pakkeopning, og etter det igjen gele! Og i tillegg har MFK nett vunne 3-0 over Hødd i treningskamp, dei byrjar å finne formen no! Har fått mange fine gåver i dag, og mange helsningar, tusen takk til alle saman!
søndag 6. februar 2011
torsdag 27. januar 2011
onsdag 26. januar 2011
Ny drakt!!
Me er ein gjeng i Flekkefjord som trener fotball ein gong i veka, og som er med på nokre cupar i løpet av året. No har me funne ut at det hadde vore kjekt med ordentlege drakter, så før jul gjekk me til innkjøp. Og no har dei endeleg komme attende ferdig trykte! Mi aller første drakt med namn på, artig!
Abonner på:
Innlegg (Atom)





