tysdag 2. august 2011

Super-helg!

Har hatt eit heilt fantastisk vêr i helga, og då har me benytta oss godt! Fredag etter jobb, bars det rett i båten, som frakta oss ut til Torsøy. Der bada me blant brennmanetane, og "gjekk åt" på brygga i sola. Årets første overnatting i båten vart det òg. På laurdag satt me kursen ut mot Øyna/Hidra, tok oss eit bad midt i fjorden, før me prøvde fiskelukka litt. Var ein del vind der ute, så vart ikkje mange draga, og heller ingen fisk. Så tok me turen gjennom Eie-kanalen og ut til Rasvåg. Der fortøyde me båten, og tok oss ein tur opp på Langelandsfjell, før me kom oss ned til eit velfortjent bad. Stakk innom Huk på Øyna på veg heim, for litt grilling i hui og hast, for me måtte jo rekke Molde-Vålerenga på TV, og det gjekk jo rett so bra!

Kveldsmat i båten

Heidi

Solnedgang sett frå Torsøy

På søndag kom Per Gunnar med det supre forslaget om å fare til Lista for å finne ei strand, der me kunne sole oss og bade. Og for nokon strender det var der!! Var jo nett som å koma til Syden! :) Var ein del vind heilt nede med sjøen, men etter kvart fann me oss ein plass litt lenger opp på stranda, der me fekk ligge i ly for vinden. Det var også flystevne på Lista den dagen, så det flaug stadig nye (gamle) fly over hovudet på oss. Me var på stranda der nesten heile dagen, og vart både brun og rosa, hehe! :)

Strand så langt auge kan sjå!



Han ser på...

...fliiiiiiiiiiiiiiii

"Åtgått" 1


"Åtgått" 2


"Åtgått" 3

laurdag 30. juli 2011

Langelandsfjell!



På Hidra i dag, nydeleg utsikt. Gler oss på bading! Han er frampå kanten som vanleg!

fredag 29. juli 2011

Oslobesøk

Har nettopp hatt besøk av Linda og Michal i ei vekes tid, kjekt med besøk!


Kort oppsummert har me hatt mastermind-turnering, vore på Ålgård og Preikestolen (link), bada i Selura, sett Klovn-filmen, vore assistentar på jobben til Per Gunnar, vore i Lyngdal på shopping, nesten vore i Kristiansand for å sjå Start-Molde, spela bowling, sett terror på TV, vore på lang fjelltur til Stolsåtå og gått oss vill, bada i Selura, sett film (der halvparten sovna), nesten vore på Moi og spela minigolf (regn), køyrd over Tronåsen, ete softis, spela sandvolleyball, spela boccia, bada på Grønnes, vore på båttur, spela kubbespel, triksa fotball, grilla, bada på Torsøy, og mata ender!!








Har vore nokre koselege dagar! :)

fredag 22. juli 2011

fredag 8. juli 2011

Hilleborg og nyhuset!

Her kjem nokre bilete av mamma og nyhuset hennar, kjempeflott er det!




Besøk på Gossen

torsdag 7. juli 2011

Båttur og kajakkpadling!

På søndag hadde me oss ein fin båttur ut til Håholmen, der me leidde oss kajakk. Nerland dreista seg ikkje ut i kajakken, og kjøpte seg fiskesuppe i staden for.

Ankomst Håholmen, Nerland og Morten

Per Gunnar i fint driv

Padlarar i havgapet

 Rocky var òg med

Per Gunnar og Morten padlar inn mot land

Sleta attpå padlinga

Han haldt seg unna padlinga

Bursdagsfeiring

Lena hadde nettopp bursdag, og den vart feira med god kake, gele og noko godt i glaset! Mange svoltne gjestar hadde møtt opp!

Dina Elizabeth 

Nerland og Per

Mor og dotter

Heidi kakemons

Mor og dotter

Far og son

 Sophia Leonor

På fjelltur

Fredag i forrige veke tok eg, Per Gunnar, Morten og Rocky turen til Bjerga (?). Dei tre siste var spreke og haldt eit høgt tempo, medan det var verre ho første... Fin utsikt på toppen!
 




søndag 26. juni 2011

Hågåsen på Hidra!


På fredag var me på firmatur til Hidra, og sprek som me er, tok me turen opp på Hågåsen! Nydeleg utsikt!

fredag 17. juni 2011

Pinsehelga!

Foreldre og son

I helga hadde me koseleg besøk frå Lyngstad, av Nerland og Liv Mary! Då vart det båttur på oss både fredag og laurdag, med bading og grilling på fredag, og fiskekonkurranse på laurdag. Nerland vann nesten konkurransen om den mest eksotiske fisken, då han fekk ein uer, men det vart visst ein blåstål som stakk av med den prisen. På søndag tok me oss ein fjelltur, til Simonskyrkja, som vart min og Per Gunnar sin 9.topp for året! Ellers har me kosa oss med forskjellige spel i løpet av helga, blant anna kubbespelet som spesielt Nerland hadde taket på! Alltid like kjekt med besøk!! Link til reportasje i Agder om fiskekonkurransen.

Grilling på Torsøy på fredagen

Soling/"åtgåing" på gang!

Slabbing

Bading med fin stil, hehe.

Konsentrert fisking, hehe.

Stødig kaptein.

På toppen av Simonskyrkja!

torsdag 2. juni 2011

Polering på gang!


Himmelspretten blei brukt til polering i år! Så no er Mazdaen blank og fin!