søndag 22. januar 2012

Ut på tur igjen


I dag var det igjen på tide og ta seg ut på tur. Me gjekk opp til Søyland, via lysløypa og vidare opp til ei mast laaaaaangt der oppe. Ho som skulle bestemme kor me skulle gå hen i dag, hugsa ikkje kor langt det var, for då hadde me sikkert ikkje hamna der oppe i dag! Det vart og meir og meir snø til lenger opp me kom, men det var sånn halveis skare, så det var ganske fint føre likevel. Måtte vertfall slappe av i snøen på toppen!





Kjøkkenmaskinkjøp

I går kjøpte eg og Per Gunnar oss kjøkkenmaskin, som me fekk pengar med mamma til jul for å kjøpe! Valet fall på Kenwood Major, og så lang er me vertfall fornøgde. Når me endå ikkje hadde hatt maskina eit døgn, hadde me rukke å brukt ho tre gonger alt. Først var det potetstappe til middagen i går, så baka me kanelsnurrar i går kveld, før me hadde scones til frukost i dag. Så vil det vise seg om ho blir like mykje brukt etter kvart eller ikkje...



søndag 15. januar 2012

Helg i januar

Både i går og i dag har me vore ute og gått på skøyter, har vore flittig brukt i vinter i grunn! Tidlegare i dag var me òg ute og gjekk oss ein tur, ganske kaldt ute, men fint!

Mobilkamera i mørkret er ikkje akkurat det beste...


Artig buss!

Han går over vegen

søndag 8. januar 2012

Ut på søndagstur!

På førmiddagen i dag, vasa me oss ut på blåtur. Me havna oppe i Rauli, der me kom oss over skoddelaget som låg tjukk nede i byen, og fekk sett sola. Var ein verkeleg fin tur - på nye stiar!



søndag 1. januar 2012

Nyttårsaften 2011!


I går var me hos Emil og åt middag, før me rusla opp i Fjellparken når det nærma seg 2012. Der hadde me stjerneskot, og me sendte òg opp nokre rakettar.



Godt nyttår!!

onsdag 21. desember 2011

Julekos!


Juletreet pynta, og kjærleiken blomstrar!

måndag 12. desember 2011

Lussekattar!

I går var den store bakedagen her i Flekkefjord, når me baka våre årlege lussekattar!! Og dei vart så gode at me åt opp halvparten. Ein som åt seg åt òg!




onsdag 16. november 2011

Skagerak-cup 2011

I helga var me i Kristiansand og spela Skagerak-cup med Vollen FK. Og me damene jegg jaggu heilt til topps!!


onsdag 9. november 2011

Søndagstur

På søndag vasa me oss ein tur opp til utsiktspunktet på Lilleheia, hadde med oss klementinar til niste! Fint vêr og flott utsikt!!


torsdag 27. oktober 2011

Oslo-helg!

I helga tok me turen til Oslo for å besøke Linda & Michal. Hadde òg planer om å få med oss Stabæk-Molde, noko som lukkast sånn halvveis, då flyet var forseinka... Men fekk no med oss ein del da, om ikkje anna enn jubelbrølet av scoringa til Molde.
På laurdag var me å spela fotballgolf, så var me ute for å ete middag, før me avslutta dagen med ein tur til Holmenkollen, som var rosa for anledninga! Eg og Per Gunnar gjekk den lange vegen opp unnarennet, mange trappetrinn gitt!







Søndag var det duka for ein tur til operaen i Bjørvika, så no har me vore skikkelege turistar!



LITT speling av togspelet på i-paden til Michal vart det òg i løpet av helga..!

søndag 16. oktober 2011

Båttur og fjelltur

Me har hatt ein fin søndag så langt, med båttur og fjelltur, og medan me no ventar på kampen i kveld, så står fårikålet og putrar på komfyren! Først tok me oss ein båttur, eigentleg berre fordi det var så lengje sidan sist me hadde starta båten, så me putra oss i veg, og hadde tenkt å ta ei runde rundt Torsøy og attende. Per Gunnar slengde ut snøret berre for artig og plutseleg fekk han napp gitt! Og opp kom ei fin aure, som vart fortært til lunch! Me fekk òg sett opp til fleire svanefamiliar på tur!



No i ettermiddag tok me oss ein tur opp på Høgfjell, fin utsikt som alltid! Og MFK-huene er så klart på på kampdagen!



søndag 2. oktober 2011

Sommar i oktober!

Skikkeleg deilig vêr i går, over 20 grader og sol, shortsvêr!! Det måtte me benytte oss av, og var ute mest heile dagen. Først tok me oss ein sykkeltur, her er bilete frå eit utsiktspunkt med utsikt over byen.



Etterpå hadde me med oss ein haug med pikk-pakk, og for på stranda på Grønnes. Der låg me rett ut i sola og kosa oss, spela litt badmington, triksa fotball og spela kort. Grilling vart det sjølvsagt òg tid til.