torsdag 8. mars 2012

I helga...

...så hadde me årets første grilling - med grillsjef Per Gunnar og pådekkingssjef Heidi.


...så har me vore på kino og sett Kompani Orheim.

(Henta frå filmweb.no)

...så har me skifta olje på båten - av maskinist Per Gunnar og andremaskinist Heidi, og hatt årets første båttur - med skippar Per Gunnar og matros Heidi.


...så har me gått ein minitur og mata ender...


...og måsar


- så har me kjøpt oss takke og steika svele - med sjefskokk Heidi og nestsjefskokk Per Gunnar.

tysdag 28. februar 2012

Årets første fjelltur!!


På laurdag når eg kom heim frå jobb, så stod syklane våre nyvaska og ferdig innolja i kjellaren, og klar til å komme ut på vegen. Per Gunnar førte an, og etter nokon avledningsmanøvrar, hamna me til slutt oppå Lilleheia, der me parkerte syklane, og starta på turen opp til Storeheia. Dermed vart årets første fjelltur eit faktum! Godt å komme seg på fjelltur igjen, ei stund sidan sist no! Treklatring vart det òg på toppen.




Enkelte ha litt problem når dei skulle ned igjen:

På søndag sykla me opp til Sunde Skule, der me triksa litt fotball, spela boccia og kubbespelet, og drakk kakao!! Koseleg! Nok ein søndag med herlig vêr!


søndag 19. februar 2012

Fastelavenssøndag!


I dag er det fastelavenssøndag, eller bollesøndag som nokon likar å kalle det her på Sørlandet. I dag har me òg vore ute på tur, kjempevêr i dag igjen, vore heldig med søndagsvêret i det siste! Hadde oss ei fin runde om Grønnes og opp til Rauli og heim att. Sjekka ut badetemperaturen, men konkluderte med at me må vente med badinga nokre månader endå...



Den nyutspretta blomen storkosar seg i sola i vinduskarmen!


No på ettermiddagen har me rukke ei runde eller ti på isbanen her, medan bolledeigen var inne og heva seg. Me måtte no sjølvsagt benytte anledninga til å bake fastelanvensbollar med vaniljekrem! Namnam seier eg berre!

tysdag 14. februar 2012

På påsketur i februar!

På søndag hadde me eit heilt nydeleg vêr, med rundt null grader og sol. Måtte benytte anledninga, og komme oss ut på tur. Pakka sekken med frukt, kjeks, tørrfisk(!) og solbærtoddy, tok på oss solbrillane og gjekk avgarde. Per Gunnar sin tur til å bestemme destinasjon, og Skådevika var staden me hamna! Utruleg godt å komme seg ut når det er eit så herlig vêr, snøen på fortaua var i ferd med å smelte, og det såg ut som våren var i anmarsj, sjølv om det nok er i tidlegaste laget...




28 år gitt!

På torsdag hadde eg bursdag, og blei heile 28 år! 30-talet nærmar seg meir og meir for kvart år, rart det der... Hadde ein super dag, med feiring både på jobb og heime! På arbeid var det ballonger, bursdagssang og god mat til lunsj, i tillegg til at eg fekk to flaskar vin :) Heime så fekk eg ei fin og overraskande gåve frå Per Gunnar, med både koffert og reisegåvekort, så no spørs det kor me skal ta turen hen!


Me kosa oss med pepparbiff med godt tilbehør til middag, før eg fekk åpna dei andre gåvene eg hadde fått! Fekk så mykje fint mann, takk alle saman! :) Ein tur ut på skøyter fekk me òg tid til, før me i kveldinga baka skulebollar og kanelsnuarrar, namnam! Fekk då testa ut det nye forkleet eg fekk med Nerland og Liv Mary!





søndag 5. februar 2012

Tid for tur!

I snøkava i dag freista det kanskje for folk flest å halde seg inne,  men ikkje her i huset nei! Ut på tur skulle me, og i dag gjekk turen til Uenes.



søndag 29. januar 2012

Søndagstur

I dag har me òg vore ute og gått oss ein tur, til Austad denne gongen. Null grader ute, og ganske kald vind, men opphalds og fint.



Etter me kom heim att har me baka rundstykker, som me hadde attåt risottoen til middag, nam-nam!

søndag 22. januar 2012

Ut på tur igjen


I dag var det igjen på tide og ta seg ut på tur. Me gjekk opp til Søyland, via lysløypa og vidare opp til ei mast laaaaaangt der oppe. Ho som skulle bestemme kor me skulle gå hen i dag, hugsa ikkje kor langt det var, for då hadde me sikkert ikkje hamna der oppe i dag! Det vart og meir og meir snø til lenger opp me kom, men det var sånn halveis skare, så det var ganske fint føre likevel. Måtte vertfall slappe av i snøen på toppen!





Kjøkkenmaskinkjøp

I går kjøpte eg og Per Gunnar oss kjøkkenmaskin, som me fekk pengar med mamma til jul for å kjøpe! Valet fall på Kenwood Major, og så lang er me vertfall fornøgde. Når me endå ikkje hadde hatt maskina eit døgn, hadde me rukke å brukt ho tre gonger alt. Først var det potetstappe til middagen i går, så baka me kanelsnurrar i går kveld, før me hadde scones til frukost i dag. Så vil det vise seg om ho blir like mykje brukt etter kvart eller ikkje...



søndag 15. januar 2012

Helg i januar

Både i går og i dag har me vore ute og gått på skøyter, har vore flittig brukt i vinter i grunn! Tidlegare i dag var me òg ute og gjekk oss ein tur, ganske kaldt ute, men fint!

Mobilkamera i mørkret er ikkje akkurat det beste...


Artig buss!

Han går over vegen

søndag 8. januar 2012

Ut på søndagstur!

På førmiddagen i dag, vasa me oss ut på blåtur. Me havna oppe i Rauli, der me kom oss over skoddelaget som låg tjukk nede i byen, og fekk sett sola. Var ein verkeleg fin tur - på nye stiar!



søndag 1. januar 2012

Nyttårsaften 2011!


I går var me hos Emil og åt middag, før me rusla opp i Fjellparken når det nærma seg 2012. Der hadde me stjerneskot, og me sendte òg opp nokre rakettar.



Godt nyttår!!