onsdag 30. mai 2012

Innhaldsrik pinsehelg!

På torsdag fekk me storfint besøk, då Liv Mary, Nerland og mamma tok turen til Flekkefjord. Flagget måtte dermed opp!


Var så vidt me rakk å få i gjestane noko mat, før me tok turen opp til Uenes og kamp med Vollen FK, før det bars tilbake til leiligheita for å sjå Molde-Tromsø, vart siger i begge kampane gitt!


På fredag tok Per Gunnar og Nerland turen ut med båten for å fiske, medan me damene reiste til Lyngdal på shopping, og ingen av oss kom tomhente heim.


Etterpå vart det båttur ut til Huk på Øyna, der det vart grilling av både makrell og kjøt, og ikkje minst potet ;-)


Varmt og fint var det, så då vart det óg tid for årets første bad for meg og Per Gunnar, digg!


På laurdag vart det tid for ein ny båttur, då var det Torsøy som stod for tur. Der var det tid for soling og bading, samt vandring til skyggenes dal for enkelte.



Etter kvart satte me oss i båten att, og køyrde i retning Hidra og Isbua. Der fekk me oss ein fantastisk god middag, så då var alle mette og fornøyde. Sjølvbilete var det ein som tok óg. Så bars det heimover for å sjå landskamp og Grand Prix, heia Norge!!



Søndag var det Sokndalsdagane som stod for tur, der me rusla rundt i gatene og såg på forskjellige salgsboder, kjøpte oss noko grillmat og vasa rundt. I tillegg hadde dei "ta sjansen" på sykkel, som var bra underhaldning, vart nokre plask for å seie det slik.





Når me var attende i byen for me på Pizza inn og åt pizza!! Etter middagen fann me ut at me måtte teste ut den nye bystranda, og trur du ikkje at Nerland fekk seg årets første bad óg.


I kveldinga vart det tur til Høgfjell for alle utan mamma, og enkelte vart litt skeptiske når me kom til stigar og klatring, men det gjekk godt både opp og ned. Fin utsikt!






Måndags førmiddag vart brukt til pakking, boccia-speling og soft is-eting. Pluss at badenymfen Nerland drog oss med ut å bada igjen.




Vil takke alle saman for ei super helg!!

søndag 20. mai 2012

I kyrkja i dag...

... nemleg Simonskyrkja! Hatt oss ein fin liten fjelltur i dag, god start på dagen!!



torsdag 17. mai 2012

17. mai 2012

Hipp-hipp hurra!! I dag er det 17.mai, og då må finstasen på!



søndag 6. mai 2012

Toppturar i skiftande vêr

I dag har me vore både på Høgåsen og på Raulifjell. Som kjend var me på Raulifjell ein gong tidlegare i år òg, men då var det ikkje noko klippar på toppen, men den var heldigvis på plass i dag! Så no er me faktisk oppe i 10 toppar i år. Når me var på Høgåsen var det lettskya og fint, medan når me kom oss opp til Raulifjell var det grauttjukt og snø i lufta. Litt jogging vart det òg på turen i dag, så god trening blei det i all fall.




laurdag 5. mai 2012

På fisketur!

1.mai satte me oss i båten og køyrde utover fjorden. Hamna utanfor Øyna, ikkje langt frå Listalandet, der me hivde snøra uti. Det skulle ikkje mange draga til før me drog opp sei etter sei. Når Per Gunnar hadde nok til eit par-tre mål, så gav me oss og satte kursen mot Huk på Øyna, der det vart grillings!



søndag 29. april 2012

Gulbergknuten

I dag køyrde me til Moi og satte nasen opp mot Gulbergknuten. Skikkelig deilig og varmt vêr i dag, perfekt med ein fjelltur, litt vind på toppen var det men... Etterpå kjøpte me oss softis, namminam!




Båtpussing!

Då er me ferdig med årets båtpuss, etter tre økter med arbeid. Blank og fin vart den når me var ferdig. Sjøsatte den i går, og då gjekk turen så klart ut til Torsøy for grilling etterpå!


Ny sink:



fredag 27. april 2012

Ekstremtur til Tomlingen!

På søndag bars det ut på tur igjen, og då var det Tomlingen som stod på programmet. Faktisk er det Flekkefjord's høgste fjell (683 moh), så det var på høg tid me tok turen dit. Me pakka noko niste, kakao og solbærtoddy i sekken og la i veg. Måtte først køyre til Sira og så vidare mot Tonstad, før me fann start-skiltet. Me gjekk og gjekk, og det var både bratt og langt... Ei stund lurte me på om me hadde hamna på Finmarksvidda, snø og kaldt var det, men sidan me ikkje såg eit einaste reinsdyr, fann me ut at me ikkje var der likevel. Og som alltid når me skal på ein topp me ikkje har vore på før, blir det til at det føles ekstra langt, sidan me ikkje veit når me er framme... Men til slutt kom me oss til topps!

Kakaopause på veg opp:

Utsikta frå toppen:



måndag 23. april 2012

Solandsvarden!

På laurdag tok me turen opp på Solandsvarden, den sjette toppen for året. Heldigvis var det betre føre enn i fjor når me var der, då gjekk me nemleg å vassa i snø... Fint fjellvêr! Utsikt heilt til Åna-Sira:




søndag 15. april 2012

Storeheia!

I dag har me tatt turen opp trappene til Lilleheia, og så vidare opp på Storeheia, der fekk me oss kvart vårt klipp i 10 på topp! Vêret skifta frå overskya til strålande sol og til hagl, lett blanding med andre ord.




laurdag 14. april 2012

Påska 2012!

Er vel i grunnen ei stund sidan det egentleg var påske no, men sidan eg er så treg med blogginga, kjem det nokre bilete frå påska no likevel...


Var heime hjå mamma på Gossen ein del av påska, Linda og Michal var òg der, kjekt å treffe dei att. Tida gjekk med til å høyre på påskelabyrinten, ete mat, sjå fjernsyn, spele Alias, lese bøker, ete mat, spele Wordfeud, ete mat og kose oss. Eit par joggeturar vart det òg tid til, og det var vel og bra!




På søndag vart eg med Per Gunnar til Lyngstad, der eg fekk truffe Liv Mary og Nerland, og Lena & Co, det var kjekt! På måndagen for Per Gunnar og Nerland på havet ilag med Høvdingen, medan eg, Liv Mary, Lena og Dina tok turen til Farstad og gjekk tur. Om kvelden drog me innover til Molde på kamp, og når me då fekk oss ein siger, var alt som det skulle vere! Tysdag gjekk turen attende til Flekkefjord og jobbkvardagen, tok forresten same fly som Gahr Støre, kjendis!!



Ivrig supportar!!

søndag 1. april 2012

Bærtjørnknuten!

I går var det tid for ein topptur igjen, og valet fall på Bærtjørnknuten.


Ein ikkje alt for lang tur dette, så det var overkommeleg. Blå himmel og sol, men ikkje den heilt store temperaturen, og med litt vind, så var det litt småkaldt.

Per Gunnar hadde med seg ein kikkert opp, og kikra til alle kantar på toppen.





Beveren har vore på ferde!