onsdag 5. september 2012
laurdag 1. september 2012
måndag 6. august 2012
Øyhopping
I dag har me hatt ein flott dag, med ein rundtur med ferje i fint vêr. Først var det Ona som stod på programmet, der me fekk sett på fyret, kjeramikkutsalg og fin utsikt utover havet.
Vegen vidare for flesteparten av oss gjekk til Finnøy, medan Hilleborg tok ferja rett attende til Gossen og jobbing. På Finnøy testa me ut Håp i Havet, eit fint lite badeland. Der var det basseng, badstue, steambad og ikkje minst rutsjebane med tidtaking. Etterpå var me på Havstuene og fekk oss noko mat, før eg og Per Gunnar rusla oss bort for å sjå moloen over til Harøya, som Per har vore med og laga. Deretter vart det nok ein ferjetur, til Gossen igjen. Takk for ein super dag!
laurdag 4. august 2012
Per Gunnar på Gossetur
Tur til Brenslen på Småge, innskrivning i bok, og flott utsikt.
Eksotiske øyskapningar:
Etterpå vart det grillings ved Smågvatnet:
onsdag 1. august 2012
tysdag 31. juli 2012
Trollstigen!
I går drog eg og mamma ut på langtur, nemleg til Trollstigen. På vegen opp frå Valldal og til Trollstigen, stoppa me på Gudbrandsjuve og kikka òg.
På toppen av Trollstigen gjekk me ut til dei forskjellige uktsiktspunkta der me fekk sett nedover vegen, flott utsikt!
torsdag 19. juli 2012
Dobbelfjelltur!
På tysdag var det tid for fjelltur igjen, og då tok me rett og slett og knekte to toppar, det vil seie at me kun har ein topp igjen! Stolsåtå og Hestheia vart det denne gongen, og me har lært frå i fjor, slik at me gjekk først til Stolsåta, så tilbake til bilen, og så til Hestheia. Trykk her for Linda's innlegg fra turen i fjor.
Fin utsikt - og fint vêr, ein del vind på toppane berre.
Fin utsikt - og fint vêr, ein del vind på toppane berre.
tysdag 10. juli 2012
Mønstermyrvarden
Hatt oss ein fin fjelltur i kveldinga, til Mønstermyrvarden. Ikkje akkurat super utsikt på toppen...
... men det var likevel varmt nok til at me tok oss eit bad på veg ned att. Digg!
måndag 9. juli 2012
Gebursdag!
Hipp-hipp hurra, Per Gunnar har gebursdag i dag! Han har blant anna fått seg ei flytejakke, og MFK-sitjeunderlag! Og trur du ikkje eg var heldig og fekk eit óg! Har elles feira dagen med pizza og heimelaga iskake!
Gjesten:
Båthelg på Øyna!
På laurdag var det Øyna-dagen på Øyna, og då benytta me anledninga til å få årets første overnatting i båten. Reiste ut på fredags ettermiddag og kom ikkje heim før søndags kveld. På laurdag var me òg spreke og besteig ein topp, nemleg Brendøyknuten.
Litt grått og noko regn på fredag og laurdag, medan finvêret kom for alvor på søndag, strålande sol, varmt og blikkstille. Tok oss dermed ein båttur ut til Hidra for å ete middag på Isbua.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

