onsdag 28. november 2012

Oslohelg!

I helga tok eg og Per Gunnar turen til Oslo, for å besøke Sigurd, Linda og Michal. På laurdagen var me turistar, og tok turen til Vigelandsparken, Per Gunnar var ivrig på å få treffe Sinnataggen!


Sigurd var i storform og fekk óg sett på statuane!


Eller så fekk Sigurd komme seg opp i taket igjen i helga:
 
Og på flygetur:
 
 Lussekattbaking stod óg på programmet, Per Gunnar laga Sinnataggen-lussekatt!

 Feiring av bursdag til Linda vart det óg tid til, Sigurd var mest glad i papiret!

Ein frustrert cupfinaletapar:

søndag 18. november 2012

Ut på søndagstur!

I dag har me vore ute på blåtur, der me gjekk gjennom ein togtunnel og over eit fjell (nesten vertfall). Ganske så fint vêr medan me var ute, godt å komme seg ut då!

Ganske så bra fotballhelg!

Har hatt ei super helg med mykje fotball, som starta fredagskvelden på Moi, med årsfest for Moi IL. Her var det mykje god mat (og drikke), samt utdeling av pokalar. Fekk jaggu med meg to pokalar heim derifrå, toppscorar og årets spelar.


På laurdag bars det til Kristiansand på turnering, der eg skulle vere med både Vollen FK i bedriftsklassen, samt Moi i aktivklassen. Etter ni kampar stod eg igjen med gull med Vollen, samt bronse med Moi. Dette vart ein fin men litt slitsam dag.


Per Gunnar var óg med å spela, dei kom seg vidare til 1/8-finale på søndag, men då var det eit par av gutane som ikkje kunne vere med, og forsterkninga (les: Heidi) som blei med var ikkje mykje til hjelp.. Møtte nokon gamle Viking- og Bryne-spelarar, og me hadde igrunnen ikkje sjans!

På søndag kveld toppa det heile seg med Molde- og Sandnes/Ulf-seier, og dermed GULL til Molde!! Jubelen stod i taket, og konjakken måtte fram!!

søndag 11. november 2012

Oslotur

Forrige helg var eg i Oslo nokre dagar, då kurs stod på programmet. Fekk kombinert det med å besøke Linda, Michal og Sigurd! Det er som alltid kjekt! Sigurd hadde vokse seg stor sidan sist eg såg han.


laurdag 3. november 2012

Båttur i dag

I dag tok me oss likesågodt ein båttur me, køyrde ei runde rundt Grisen. Båten vart glad når han endeleg fekk seg ein liten tur igjen!

Boble-fotball

Forrige helg var me å såg på ein boble-fotballkamp i Flekkefjord, mellom Flekkefjord Fotballklubb og Flekkefjord Rugbyklubb. Ganske så artig å sjå på, og me fekk lyst til å prøve sjølv!

søndag 21. oktober 2012

Tronåsen


I dag har me gått opp til Tronåsen, der den gamle vegen mellom Moi og Flekkefjord gjekk. Fint haustvêr i dag, og flott utsikt.

Fare for svingete veg:

Her er eg i Vest-Agder, medan Per Gunnar har tatt turen til Rogaland:

søndag 14. oktober 2012

Tur til Mysinghålå!

Etter at me har mysa kvar gong me har kjaurt forbi skiltet med Mysinghålå på når me køyrer til Stavanger, bestemte me oss endeleg for ta turen dit. Mysinghålå er eigentleg to forskjellige håler som motstandsfolk gøymde seg i under krigen.

Inne i Mysinghålå 1:
Matpause inne i Mysinghålå 2:
Eksotisk dyr:

måndag 8. oktober 2012

Lista Vindmøllepark!

På førmiddagen i går tok me turen til Lista Vindmøllepark, som nyleg har blitt laga. Mange nye fine turvegar der no, mellom alle vindmøllene. Super utsikt utover havet og mot Hidra og Andabeløy. I tillegg hadde me eit kjempefint haustvêr i dag (hakket finare enn på Aker Stadion), så då var det godt å komme seg ut litt!

søndag 7. oktober 2012

Ny støvsugar!

No har sjølvaste Rolfy gått av med pensjon...

...og som hans etterfølgar har me ansatt Mr. Miele!


Som de ser så smilar Per Gunnar godt, for han er så glad i å støvsuge!