onsdag 16. juli 2014

Pinsebesøk

Som tradisjonen tru, so fekk me besøk av Liv Mary og Nerland i pinsehelga. På laurdagen stod båttur til Dåtlandsstrand på programmet, der vart det både fjelltur og rekeeting.








På søndag tok me turen til Lista, der me fekk sett vindmøllar, helleristningar og listastrendene.





Etter å ha vore i Lyngdal og ete god mat, drog me innom utsiktspunktet Olsby i Rauli.




På måndag vart det båttur igjen, der me på veg ut til Torsøy traff på ein svanefamilie. Nerland var ivrig i matinga!




Takk for ei kjekk helg!!

måndag 14. juli 2014

Brufjell

Midt i april tok me turen til Roligheten og Brufjell! Hadde med oss eingongsgrill og kosa oss med pølser på toppen! Varmt var det óg!







Nonfjell

Tidleg i mai tok me óg turen til Nonfjell. Der gjekk me so fort at me knekte mannen med ryggsekken. Rakk det so vidt før me kom oss på toppen! Me sprang nesten heile vegen ned att, so det vart ei skikkeleg treningsøkt.




søndag 13. juli 2014

Superhelg

Fredag etter Molde-kampen, så tusla me bort til båten og satte kurs ut fjorden. Overnatta på Hidra til laurdag, då me tidleg køyrde vidare til Dåtlandstrand. Det tilbrakte me heile laurdagen med mykje bading og sol, herlig!! I løpet av dagen fekk me sett både nise, kobb og geiter, så underhaldninga var stor.





I dag tidleg køyrde me vidare ut Hidrasundet, og fann oss ei passande grunne å fiske på, der fekk me fylt opp ei pøs med makrell.




Etterpå vart det fjelltur til Veden Stod, med finfin utsikt.




Tur til Orresteinen i mai

I slutten av mai køyrde me til Feda for å gå på Orresteinen. Varmt og fint i vêret var det, og me fekk oss ein fin liten tur med utsikt over Fedafjorden.





Øyna 1.mai

Fridagen på 1.mai vart i år benytta til ein båttur til Øyna, der vi besteig Brendøyknuten.





Simonskyrkja

I slutten av april tok vi turen til Simonskyrkja, ein grei og snerten liten tur. Her kjem nokre bilete:





måndag 30. juni 2014

Overnattingstur til Hidra

I begynnelsen av juni tok me turen til Hidra for ei båtovernatting. Vakna opp til kjempefint vër, og tok oss ein formiddagsfjelltur, fint!!





Mønstermyrvarden

Her forleden tok me oss ein kveldstur til Mønstermyrvarden. Litt vind på toppen, men sol og fin utsikt.
Fekk óg med oss eit bad og ein fugleunge på veg ned.