måndag 28. september 2009
Langelansfjell!
fredag 25. september 2009
tysdag 22. september 2009
Då er hausten komen!
søndag 20. september 2009
Sardiniatur!
Me har bada i sjøen, sola oss, venta på bussen, sprunge i regnet, bada i bassenget, besøkt grotta is zuddas i Santadi, tatt buss, leidd oss leiebil, kasta ball i vatnet, drukke vin, ete is, venta på bussen, tatt taxi, ete is, sykla på tandemsykkel, køyrd oss vill, jogga på stranda, ete krosanter, vore i gamlebyen i Cagliari, ete pizza, besøkt ruinbyen Nora, spela kort, testa ut treningsrommet på hotellet, sett Elefanttårnet, tatt turisttog gjennom gamlebyen, vore i eit høgt tårn, sett artige bilar og kosa oss!
Her kjem nokre utvalgte bilete:
onsdag 9. september 2009
Sardinia - here we come!! :)
Her finn de ein link til hotellet: Hotel Santa Lucia Capoterralaurdag 29. august 2009
måndag 24. august 2009
På besøk med Siv Katrin!
søndag 23. august 2009
Søndag
Gratulerer til Mattias Moström!

fredag 21. august 2009
Toppturar i Julsundet!
I dag for eg og mamma avgarde til Julsundet for å ta dei 4 postane i "10 turmål i Aukra kommune". Me satte avgarde med godt mot, men den første bakken opp til Fangholsetra var lang og bratt... Mamma hadde med seg stavar, så ho hoppa seg over alle vasspyttane oppgjennom til Pe'skaret. Etter kvart kom me oss på både Storklauva og Svarnakken, medan me åt litt niste på vegen.
Når me byrja å gå skein sola på ein blå himmel, men når me nerma oss post nummer tre, byrja det å komme nokre regndråpar. Mamma trur som kjent at ho ikkje er vasstett, og vart litt bekymra når ho fekk regn på brillane. Men når me hadde starta på turen bort til Hundetjønna gav regnet seg, og sola kom fram igjen. Så då hadde me knekt alle toppane, og kom oss attende på ferjekaia. Der måtte me kjøpe oss is! :) Då har eg berre to postar på Gossen igjen, så har eg alle ti, og vil få meg eit velfortjent turkrus!
Utan mobil
frustrasjonar. Tenkt å vere to dagar utan mobil!! Det var jo heilt krise! Kunne heller ikkje snu å hente den når me oppdaga det, for då hadde eg vel ikkje rukke ferja eg skulle ta. Jaja, slik kan det gå…Når du overlet mobilen til andre sin varetekt, kan det skje litt av kvart. For eksempel kan du plutseleg få ein heil haug med blogg-innlegg. Men eg fekk vertfall bildene då, slik at eg kunne lage innlegg! Takk Per Gunnar! :)
torsdag 20. august 2009
Tur til Stortua
I går fant eg og Per Gunnar ut at me skulle bestige Stortua, Lena skulle òg vere med. Sidan Nerland er så sprek, og ikkje fekk nok når dei var på Melen dagen før, slo han seg med han òg. Lena hadde tjuvstarta og var i gang før me andre tre kom. Når me kom til den første postkassa, sat ho der i støvlane sine og venta på oss.
På vegen ned igjen møtte me på nokon krøllete skapningar med bjeller på. Dei holdt på med noko mystisk bak eit tre... 



Når me var nedkomne, skulle me fare og hente Dina i barnehagen. Men sidan Nerland ikkje var til å sitje i same bil som, både svett og med krabbe-skjorta fra dagen før, måtte me ta oss ein dukkert. Det var tross alt 27 grader i går, so eit bad var på sin plass. Det var ikkje like varmt i vatnet akkurat, men friskt og godt var det.







