Då er eg endeleg ferdig med heklaskjerfet som eg byrja på for sånn omlag to månadar sidan, tok si tid då men. Er vertfall storfornøgd med resultatet, og no når det byrjar å bli kaldare i vêret passar det fint med eit skjerf!
måndag 20. september 2010
søndag 19. september 2010
Ei duft av haust!
No nærmar det seg haust, eller rettare sagt så har vel hausten allereie komme, temperaturane er ikkje lenger dei same, og trea har starta på fargeendringane sine. Men eit sikkert haustteikn, det er dufta av fårikål, og den ligg tjukt i leiligheita vår i dag. Me har nemleg nettopp satt til livs ein stor kasserolle med nydeleg fårikål!
torsdag 16. september 2010
Septemberoppdatering!
No var det faktisk så lenge sidan eg har blogga, at eg berre må slenge inn eit innlegg sånn på måfå. Sidan forrige innlegg har me vore i Danmark med Vollen, med fotball, gokart, bowling, mykje kubbespelspeling, bading og av og til noko godt i glaset. Me har køyrd helikopter inne og ute, eg har spelt bortekamp som me vann 2-1, me har vore i Kvinesdal på kino med berre eg og Per Gunnar som betalande besøkande (billettøren sat òg i salen), Molde har vunne sin første kamp på leeeeenge - noko som førte til jubel i heimen, me har òg feira 6-årsjubileum to dagar til endes, som inkluderte middag og kino i Lyngdal i går!
Nokre illustrerande bilete:
Nokre illustrerande bilete:
søndag 29. august 2010
Tur til Brufjell, topp nummer 17!!
I dag tok me oss ein fjelltur i finvêret, til Brufjell denne gongen. Eit fjell i nærleiken av Åna-Sira, med super utsikt over havet. Me bestemte oss i dag for å - i tillegg til å gå på toppen - ta turen ned til dei mange jettegrytene som befinn seg lenger ned mot sjøen. Før har me alltid berre vore på toppen, og ikkje tatt sjansen på å ta turen ned. Litt bratt var det enkelte stader, men me kom oss velberga ned.
Der fekk me sett jettegrytene, eit ganske så stilig skue! Så var det opp att, før me starta på tilbakevegen, tok ein annan sti då, slik at me fekk gått innom den fine rullesteinstranda som ligg der. Der vart det ein kjapp dukkert, ikkje kjempevarmt i vatnet akkurat, men godt å få kjølt seg litt ned i varmen.
laurdag 21. august 2010
Topp nummer 16 i kveld!
No har me teke turen til Mønstermyrvarden, ein grei og ikkje alt for lang tur i variert terreng. Mykje av turen gjekk me på ein grusveg, før me tok av opp i "bushen". Litt forblåst på toppen, så Per Gunnar måtte ha på seg ei brok. På vegen ned att vart det derimot så varmt at me måtte ta oss ein aldri så liten dukkert! Deilig!
tysdag 17. august 2010
Tur til Talje!
Sidan det ikkje var meldt så fint vêr i Flekkefjord i dag, bestemte me oss for å ta turen til Talje, ei lita øy nord for Stavanger. Det var der jobben til Per Gunnar hadde firmahytte før, så me har vore der nokre gonge før. Så i dag har me spela frisbeegolf, bada, grilla og padla kajakk! Koseleg dag!
måndag 16. august 2010
To toppar i dag, nr 14 & 15!
I dag tok me turen til Kjørsfjell og Gården Li, vêret var ikkje det beste heile tida, så heilt tørre vart me ikkje.. Fin utsikt utover Hidra frå begge stadane.
søndag 15. august 2010
laurdag 14. august 2010
søndag 8. august 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)







