laurdag 26. mars 2011

Årets første fjelltur!

I finvêret i dag snørte me på oss fjellskoa og då bars det i veg på fjelltur. Hadde eigentleg tenkt oss på ein annan topp, men sidan me hadde vorte inneparkert, vart det ein tur på Storeheia istadenfor. Med blodappelsin som niste, starta me med godt mot opp mot toppen. Var uvant med fjelltur igjen, sjølv om det ikkje var lange vegen, men opp kom me oss vertfall! Fin utsikt over Flekkefjord.





Per Gunnar måtte frampå kanten som vanleg...

laurdag 19. mars 2011

Vår!


Då har me komme langt ut i mars, og vårteikna byrjar å vise seg fram. Får håpe me har sett vinterens siste snøfall óg no!

søndag 6. mars 2011

Supersøndag!

I dag har det vore eit fantastisk fint vårvêr, så då måtte me benytte anledninga til å komme oss ut ein tur. Så innemellom VM og VM, laga me oss bakels og kakao, og tok turen ut på isen. Der skøyta me oss rundt ei stund, før me tok oss ei velfortjent pause og kosa oss i sola. Våren er no på full framgang, så det spørs om det er siste turen vår på skøyter for denne sesongen.








No etterpå har me sjølvsagt fått med oss den avsluttande øvelsen i ski-VM, nemleg 5-mila. Og den gjekk no fin-fint! :)

måndag 21. februar 2011

Bursdag og turgåing!

På laurdag var me på Nerland og feira 60-årsdagen til Gudbjørn, der fekk me god servering, og det var riktig så triveleg. Fekk oss òg ein fin rusletur, fekk sett Hummervågen og Braukæsteinene.





søndag 13. februar 2011

Utkledningsbursdag i går!

I går var eg å feira bursdagen til Hilde, og då var det utkledning på gang. Fekk kjøpt meg eit hippie-kostyme, så slik såg eg ut i går...


Her kjem nokre bilete av nokre av dei andre, mange kreative utkledningar. I tillegg hadde me med oss Kjelling & Kjelling ut på byen i går! Var ein kjekk kveld.




laurdag 12. februar 2011

Parabol!


Då er det over og ut med ip-tv her i huset! I dag har me nemleg kjøpt parabol. Per Gunnar har strekt ledningar og styra på, so no funkar det gitt!

onsdag 9. februar 2011

Bursdag i dag!! :)


I dag blir eg jaggu heile 27 år! Nesten så eg byrjar å verte vaksen, men berre nesten. Har feira dagen med smørbrød og is på jobb, fekk òg ein fin bukett med blomar! Når eg kom heim stod nachosen klar på bordet, snille Per Gunnar diska opp med deilig middag i dag! Etter kvart vart det pakkeopning, og etter det igjen gele! Og i tillegg har MFK nett vunne 3-0 over Hødd i treningskamp, dei byrjar å finne formen no! Har fått mange fine gåver i dag, og mange helsningar, tusen takk til alle saman!




søndag 6. februar 2011

torsdag 27. januar 2011

Graut og fenalår!


I dag slo me til med graut og fenalår til middag! Det gjorde seg på ein torsdags ettermiddag det! Byrjar å minke på låret Per Gunnar fekk til jul no, men det er fortsatt litt att å kose seg med!

onsdag 26. januar 2011

Ny drakt!!


Me er ein gjeng i Flekkefjord som trener fotball ein gong i veka, og som er med på nokre cupar i løpet av året. No har me funne ut at det hadde vore kjekt med ordentlege drakter, så før jul gjekk me til innkjøp. Og no har dei endeleg komme attende ferdig trykte! Mi aller første drakt med namn på, artig!


torsdag 30. desember 2010

Seier i dag!

Me måtte i år gjenta suksessen med cup i Træffhuset, som me vann i fjor. Spela 5 innledande kampar, der me vann alle, og det var dermed duka for finale. Den vann me heile 5-0! Artig-artig!

laurdag 25. desember 2010

Det er jul! :)

Slenger ut nokre bilete frå gårsdagen, sjølvaste julaftan!