søndag 15. september 2013

Islandstur

Forrige helg tok me turen til Island og Reykjavik, saman med Vollen Fotballklubb. Hadde ein kjempefin tur, med mange fine opplevingar, og mykje god mat (og drikke).

Her har me tatt turen til Gullfoss:




Her er me og ser på geysir, Strokkur er det som sprutar so høgt!



Video:



Her har me komme til Thingvellir, der det amerikanske og det europeiske kontinentet møtes. Desse flytter seg frå kvarandre med eit gjennomsnitt på 2 cm i året, og det dannes dermed sprekker. Ganske fasinerende å sjå på. Denne staden er også ein historisk stad, nemleg der islendingane hadde sitt første landsting.





Riding på islandshest vart det òg på oss, var faktisk ganske kult.





På måndag før me reiste heim, var me innom den Blå Lagune og fekk oss eit deilig bad i varme kjelder.



Kjelle:


søndag 1. september 2013

Overnattingstur på Husøya

Forrige helg tok me båten ut til Husøya utanfor Hidra på fredagskvelden, der me skulle overnatte til laurdagen. Nydeleg vêr og ein fantastisk solnedgang!!







På laurdag var me på Isbua og åt lunsj.




søndag 18. august 2013

Båt- og fjelltur til Hidra

I går var me nok ein gong på båttur, denne gongen gjekk turen til Hidra. Me la til kais i Rasvågen og snørte joggeskoa på. Turen gjekk då vidare til Langelandsfjell, der me fekk utmerka utsikt over havet.






Etterpå hadde me lunsj på bryggekanten, før me køyrde gjennom Eiekanalen og satte kursen mot Flekkefjord att.





laurdag 17. august 2013

På båtutflukt!



Forrige helg stappa me båten full av bagasje og syklar, og la avgarde på langtur - vertfall i forhold til kor me brukar å køyre med båten. Me satte kursen ut fjorden, og mot båttrekket på Listeid, der båten vart dratt på land og køyrd til neste fjord. Me fekk sitje i båten under traktorturen, og berre det var jo ei oppleving.



Farsund by


På laurdagen for me på sightseeing i skjærgarden utanfor Farsund, og hamna då til slutt på Skarvøy, der me kosa oss med bading og ein liten fjelltur.



På søndag var det duka for den store sykkeldagen, då me sykla til Vanse og Lista fyr, blei vel ca 4 mil med sykling til saman. Kjempfint vêr, men ein god del vind var det. Heldigvis var det motvind på veg dit, slik at me fekk medvind attende att! På Nordberg fort tok me lunsj, og skaut med pil og boge.



Etterpå var me og såg på forhistoriske stader, først var me og såg på pikksteinen, og då vart me òg plutseleg invandert av ein stor flokk med kyr/oksar, truleg på grunn av at Per Gunnar hadde raud sekk på seg.



Etterpå var det helleristningane på Penne som stod for tur:



På veg mot Lista fyr måtte me stoppe for å ta bilete av desse søte skapningane:



Lista fyr:



Me låg i Farsund frå fredag til måndag, då me køyrde inn Rosfjorden til Lyngdal, der me hadde ei overnatting. Var på Rosfjord Fjordhotell og åt middag etter å ha vore i Sørlandsbadet.