onsdag 13. august 2014

Båtferie

Då har me vore på båtferie! Hadde det kjempefint, sjølv om ikkje vêret var det beste kvar dag...
Me tok laust frå Flekkefjord onsdag ettermiddag, og tok båttrekket over Listeid, kom til Farsund litt over åtte på kvelden.

Båttrekket, viktig med vest på vegen:

Ankomst Farsund:

Torsdag var me ute og jogga, men vart "tatt" av pøsregn undervegs, so vart litt kortare tur enn planlagt. Etter eit sjøbad, ordna me oss og for ut på shopping.

På kvelden lysna vêret opp, og me køyrde då ut til Skarvøya, der me overnatta til fredag. På veg ut var me innom Fisholmen:



Vakna tidleg på fredagen, det var sol og blikk stille, fantastisk. Prøvde fiskelukka så smått, utan å få noko.



Me tok oss eit morgonbad, før me satte kursen vidare austover. Me tøffa innom Korshamn for ei ispause på vegen mot kanalen på Sprangreid i Lindesnes.



Korshamn:

Lindesnes, vindstille og seglbåtar utan segl:

Månge fine stader:

Klestørk må til:

Sprangreidkanalen:


Grilling på Furuholmen:

Stemningsbilete:









Me tok turen tilbake til Farsund att på fredagskvelden, sidan det var meldt sopass til vind på laurdag, og vind vart det gitt!

Her er nokre bilete frå søndag når me var innom og utforska Prestøya før me satta kursen mot Flekkefjord igjen.



"Mini-Prekestolen"


torsdag 17. juli 2014

Søylandsvarden

Etter jobb i dag fekk me tid til ein fjelltur. Første etappe var pr sykkel opp til Søyland, før me gjekk vidare opp i heia. Dette vart dermed topp nr 13 på ti på topp i år.





No i kveld er det duka for Molde-kamp.




Hilleborg og St.Hans

I sankthanshelga fekk me besøk av mamma nokre dagar, kjekt med besøk! Då rakk me både det eine og det andre. Skulle eigentleg på båttur på laurdag, men så fann me ut at det vart betre vër på søndag, dermed vart det fjelltur på laurdag i staden for. Då tok me turen til Gumpefjell, som eigentleg ikkje ser ut som eit fjell!




Pizza Inn er obligatorisk:


Båttur og bading:



Feiring av sankthansaften på Flekkefjordsvis, med tenning av Spira på fjorden.







Mamma var kjempesprek, og hadde to turar opp trappene til Lilleheia kvar dag.