søndag 25. januar 2015

På søndagstur!

I dag tok Per Gunnar meg med på blåtur til Selura, hadde ei fin pause med kakao, solbærtoddy og noko attåt, med utsikt over eit blankstille vatn.







måndag 20. oktober 2014

Gursli Gruver

Forrige søndag var det på tide og ta den siste 10-på toppen, nemleg Gursli Gruver på Moi. Det vart ein fin trimtur i nydeleg haustlandskap.








måndag 1. september 2014

Nye fjellturar

Forrige helg pakka me snippeska og satte nasen mot Tomlingen, Flekkefjords høgste fjell, på grensa mot Sirdal. Sol og fint når turen byrja, men regnet kom og tok oss på slutten.







I går var me i Kvinesdal på Hamrevarden, ein kjapp og grei tur. Flagg på toppen!








Tidleg i august var me på Stolsåtå, traff på eksotiske skapningar, det var nydeleg utsikt og me bada på veg ned att.









onsdag 13. august 2014

Båtferie

Då har me vore på båtferie! Hadde det kjempefint, sjølv om ikkje vêret var det beste kvar dag...
Me tok laust frå Flekkefjord onsdag ettermiddag, og tok båttrekket over Listeid, kom til Farsund litt over åtte på kvelden.

Båttrekket, viktig med vest på vegen:

Ankomst Farsund:

Torsdag var me ute og jogga, men vart "tatt" av pøsregn undervegs, so vart litt kortare tur enn planlagt. Etter eit sjøbad, ordna me oss og for ut på shopping.

På kvelden lysna vêret opp, og me køyrde då ut til Skarvøya, der me overnatta til fredag. På veg ut var me innom Fisholmen:



Vakna tidleg på fredagen, det var sol og blikk stille, fantastisk. Prøvde fiskelukka så smått, utan å få noko.



Me tok oss eit morgonbad, før me satte kursen vidare austover. Me tøffa innom Korshamn for ei ispause på vegen mot kanalen på Sprangreid i Lindesnes.



Korshamn:

Lindesnes, vindstille og seglbåtar utan segl:

Månge fine stader:

Klestørk må til:

Sprangreidkanalen:


Grilling på Furuholmen:

Stemningsbilete:









Me tok turen tilbake til Farsund att på fredagskvelden, sidan det var meldt sopass til vind på laurdag, og vind vart det gitt!

Her er nokre bilete frå søndag når me var innom og utforska Prestøya før me satta kursen mot Flekkefjord igjen.



"Mini-Prekestolen"