søndag 26. juni 2011

Hågåsen på Hidra!


På fredag var me på firmatur til Hidra, og sprek som me er, tok me turen opp på Hågåsen! Nydeleg utsikt!

fredag 17. juni 2011

Pinsehelga!

Foreldre og son

I helga hadde me koseleg besøk frå Lyngstad, av Nerland og Liv Mary! Då vart det båttur på oss både fredag og laurdag, med bading og grilling på fredag, og fiskekonkurranse på laurdag. Nerland vann nesten konkurransen om den mest eksotiske fisken, då han fekk ein uer, men det vart visst ein blåstål som stakk av med den prisen. På søndag tok me oss ein fjelltur, til Simonskyrkja, som vart min og Per Gunnar sin 9.topp for året! Ellers har me kosa oss med forskjellige spel i løpet av helga, blant anna kubbespelet som spesielt Nerland hadde taket på! Alltid like kjekt med besøk!! Link til reportasje i Agder om fiskekonkurransen.

Grilling på Torsøy på fredagen

Soling/"åtgåing" på gang!

Slabbing

Bading med fin stil, hehe.

Konsentrert fisking, hehe.

Stødig kaptein.

På toppen av Simonskyrkja!

torsdag 2. juni 2011

Polering på gang!


Himmelspretten blei brukt til polering i år! Så no er Mazdaen blank og fin!