tysdag 27. mars 2012

Spaghetti


Lukka er middag på verandaen ein tysdag i mars!

søndag 25. mars 2012

Dyreknuten i dag

I dag fekk me vårt tredje klipp for året, då me for til Feda og Dyreknuten. Fint vêr i dag óg, om ikkje like varmt som i går. Utsikt over Fedafjorden.





Superlaurdag

I går var det tidleg opp, for å komme oss ut på (blå)tur. Det var jo tross alt årets første sommardag, det føltes vertfall slik. Så klokka 9 presis, satte me oss på syklane og sykla til båten. Syklane vart lasta ombord, og utover fjorden bars det. Køyrde til Dåtlandsstrand, der med fortøyde båten, og starta på ein fjelltur. Fekk to klipp, så no er me i gang for alvor!


Først gården Li, og så Kjørsfjell. Her er det super utsikt utover Hidra og havet!!






Når me kom ned att til båten, vart det grilling på brygga, og litt avslapning i sola, digg!!
 


Så pakka me saman, og ferden fotsatte gjennom kanalen på Hidra, og ut til Rasvåg. Der steig me i land, og på syklane. Hadde oss ein fin tur til Kirkehamn og attende, mange bakkar på Hidra gitt...



Så vart det på tide å starte på heimvegen, slik at me kom oss heim før det vart mørkt.



Årets første jordbær!!

torsdag 22. mars 2012

Årets første ti på topp!


No har endeleg 10 på topp-folderen komme, så på søndag gjekk turen til Raulifjell, med blå himmel og strålande sol! Ikkje så vanskeleg å komme seg ut på tur då! Hadde ein fin tur, sjølv om det var litt uvant med fjelltur igjen.


Litt nedtur vart det dog når me kom på toppen og det ikkje var nokon "klippar" i postkassa... Me må dermed gjenta turen ein gong seinare i år, menmen, det skal me vel greie!


torsdag 8. mars 2012

I helga...

...så hadde me årets første grilling - med grillsjef Per Gunnar og pådekkingssjef Heidi.


...så har me vore på kino og sett Kompani Orheim.

(Henta frå filmweb.no)

...så har me skifta olje på båten - av maskinist Per Gunnar og andremaskinist Heidi, og hatt årets første båttur - med skippar Per Gunnar og matros Heidi.


...så har me gått ein minitur og mata ender...


...og måsar


- så har me kjøpt oss takke og steika svele - med sjefskokk Heidi og nestsjefskokk Per Gunnar.