onsdag 28. november 2012

Oslohelg!

I helga tok eg og Per Gunnar turen til Oslo, for å besøke Sigurd, Linda og Michal. På laurdagen var me turistar, og tok turen til Vigelandsparken, Per Gunnar var ivrig på å få treffe Sinnataggen!


Sigurd var i storform og fekk óg sett på statuane!


Eller så fekk Sigurd komme seg opp i taket igjen i helga:
 
Og på flygetur:
 
 Lussekattbaking stod óg på programmet, Per Gunnar laga Sinnataggen-lussekatt!

 Feiring av bursdag til Linda vart det óg tid til, Sigurd var mest glad i papiret!

Ein frustrert cupfinaletapar:

søndag 18. november 2012

Ut på søndagstur!

I dag har me vore ute på blåtur, der me gjekk gjennom ein togtunnel og over eit fjell (nesten vertfall). Ganske så fint vêr medan me var ute, godt å komme seg ut då!

Ganske så bra fotballhelg!

Har hatt ei super helg med mykje fotball, som starta fredagskvelden på Moi, med årsfest for Moi IL. Her var det mykje god mat (og drikke), samt utdeling av pokalar. Fekk jaggu med meg to pokalar heim derifrå, toppscorar og årets spelar.


På laurdag bars det til Kristiansand på turnering, der eg skulle vere med både Vollen FK i bedriftsklassen, samt Moi i aktivklassen. Etter ni kampar stod eg igjen med gull med Vollen, samt bronse med Moi. Dette vart ein fin men litt slitsam dag.


Per Gunnar var óg med å spela, dei kom seg vidare til 1/8-finale på søndag, men då var det eit par av gutane som ikkje kunne vere med, og forsterkninga (les: Heidi) som blei med var ikkje mykje til hjelp.. Møtte nokon gamle Viking- og Bryne-spelarar, og me hadde igrunnen ikkje sjans!

På søndag kveld toppa det heile seg med Molde- og Sandnes/Ulf-seier, og dermed GULL til Molde!! Jubelen stod i taket, og konjakken måtte fram!!

søndag 11. november 2012

Oslotur

Forrige helg var eg i Oslo nokre dagar, då kurs stod på programmet. Fekk kombinert det med å besøke Linda, Michal og Sigurd! Det er som alltid kjekt! Sigurd hadde vokse seg stor sidan sist eg såg han.


laurdag 3. november 2012

Båttur i dag

I dag tok me oss likesågodt ein båttur me, køyrde ei runde rundt Grisen. Båten vart glad når han endeleg fekk seg ein liten tur igjen!

Boble-fotball

Forrige helg var me å såg på ein boble-fotballkamp i Flekkefjord, mellom Flekkefjord Fotballklubb og Flekkefjord Rugbyklubb. Ganske så artig å sjå på, og me fekk lyst til å prøve sjølv!