måndag 29. juni 2009

Farstadstranda


Då har eg og per gunnar teke oss ein tur til Farstadstranda. Har planer om bading og soling etterpå. No først har me jogga til Nordneset, kondisen er ikkje heilt på topp... Nei, me lit vel jogge attende til stranda.
Hei då!:-)

tysdag 23. juni 2009

St.hans-feiring


Då he me vore ute i løvika og feira st.hans. Pølser og kotelettar gjekk ned på høgkant!:-)
Mykje folk var samla, og me tende eit stort bål! Det var koseleg!

Jendemsfjellet!

Utvalgte bilete frå fjellturen sundag:



laurdag 20. juni 2009

Hoppetur til Ørnhaugen :-D

Bileter seier meir enn 1000 ord... :)









fredag 19. juni 2009

Førmiddagstur :-)

Eg og mamma har gått oss ein tur, slik at me gjer oss fortjent til middagen!
Var faktisk både i Løvika, på Småge og i Aukraskogen og gjekk tur, fekk skrive oss inn i heile 3 bøker, så då er det berre 7 att, så fer me eit nytt turkrus!:)

Bjørnsund i det fjerne.
Kanon-vakt! ;)

Mamma skriv seg inn i boka på Småge.

På Småge, med utsikt utover sjøen.

fredag 12. juni 2009

Ferdig med eksamen - snart ferie!! :-D

Utruleg digg og vere ferdig med eksamen!! Så no kan eg endeleg byrje å lese "vanlege" bøker igjen, vertfall utan å få dårleg samvit! Det er heller ikkje dumt at det berre er nokre få dagar igjen på jobb før ein velfortjent ferie. Og med pizza og kake på jobb i dag, så blir det ein god forsmak på helga og ferien. Me skal sjå Engler & Demoner på kino i kveld, og så går det vel i båtturar resten av helga.
Og med Start-Molde på måndag, og 3 påfølgande Molde-kampar live medan me er heime, så står høgdepunkta i kø.
Gledar meg til å komme heim på ferie!! :)

Kanskje blir det ny tur hit??

søndag 7. juni 2009

1 stk frustert eksamensjente... :(



Frustrasjon!!! Kjipt å bruke opp heile helga på å lese på eksamen, mens det er 1000 andre ting eg heller ville ha gjort... For eksempel er Per Gunnar på båttur, mens eg sit heime og prøvar å lese. Må innrømme at motivasjonen byrjar å forsvinne, samtidig som eksamen nermar seg med stormskritt. Kun i kveld+ i morgon igjen å lese, for på tirsdag brakar det laus. Dess meir eg les, dess meir finn eg ut at eg ikkje kan! Off-off-off!!

Men for å sjå det postitive i det: Tysdag ettermiddag er eg ferdig (forhåpentligvis), det er det siste faget, så ingen andre eksamenar ventar på meg :)

onsdag 3. juni 2009

Storfint besøk! :-)

Diverse bilder frå helga, når Liv Mary, Nerland og Per var på besøk :)

Her er me på båttur!


Skipper Nerland
Grillings på ei øy, sjølvbilete tatt av Nerland:


Utsikt over havet

Her har me komme oss til Lista fyr
Eg og Per


Eg og Per Gunnar

Sjølvbilete av Nerland igjen:) Rakk ikkje fram i tide :p

Rakk litt lenger her, men endå ikkje heilt. ;)
Men der, vart det bra :)

Omvisning på jobben til Per Gunnar.