måndag 26. september 2011

På gamle traktar!


Sykla meg ein tur til gamle traktar i dag tidleg. Å trur du ikkje det hadde dukka opp eit busskur i Skarshaugen?

søndag 25. september 2011

På tur i Aukraskogen!


I finvêret i førmiddag hadde me oss ein fin trimtur i Aukraskogen. Mamma i fint driv med stavane sine!


onsdag 14. september 2011

Storinvestering!


Denne veka har me slått på stortromma, og gått til innkjøp av eit viktig møbel! Nemleg ny do! Og det med demping sjølvsagt!

søndag 11. september 2011

Artig "båt" !!

Topp nummer 18 i dag!!

I dag har me vore på den siste toppen i "10 på topp" for året. Me kom oss endeleg på Hestheia, dit me eigentleg skulle når Linda og Michal var med! Så glad vart me for å vere ferdig med alle toppane!!




Kino, fjelltur og sirkus!!

På fredag var me på kino og såg "Sønner av Norge". Trudde eigentleg den skulle vere hakket artigare enn den viste seg å vere, men den var heilt grei. Og viss nokon har ein ønske om å sjå Sven Nordin utan ein tråd, er dette filmen for deg!


I går var det igjen duka for fjelltur, to toppar på ein gong sto for tur: Kjørsfjell og garden Li. Me fekk eit fint fjellvêr, grått, men ikkje regn. Me traska avgarde, Per Gunnar med sine nye fjellsko, og eg med mine gamle, og me hadde akkurat teke oss over ei elv, då me høyrde ein mystisk lyd... Og trur du ikke det plutseleg byksa fram ein elg og ein elgkalv nesten rett framfor oss?! Men dei sprang heldigvis den andre vegen, og me kom oss velberga opp på første toppen.




Etter kvart fann me òg vegen til garden Li:



Når me hadde komme oss heim frå fjellturen, og teke oss ein velfortjent dusj, hadde Per Gunnar så lyst på sirkus, så då vart det til at me for dit òg. Ikkje alt som var like artig då men...


onsdag 7. september 2011

Langhelg i Aberdeen!


Fredag morgon satte me oss på minibussen med kursen for Sola og deretter Aberdeen, saman med ti andre frå Vollen FK. Når me kom fram til hotellet og skulle sjekke inn, fekk eg og Per Gunnar beskjed om at me fekk det finaste rommet på heile hotellet!! Så då hadde me stort rom, stor seng, sofa, musikkanlegg, vifte, to dusjar, badekar, to vaskar, og tv på badet! Snakk om luksus, og snakk om heldiggrisar.


Fredagen såg me oss om litt rundt i sentrum, shoppa litt, og var innom nokre barar, og ikkje minst fekk me sett den første mannen i kilt.


Laurdag måtte me forholdsvis tidleg opp, for då sto det ein buss og venta på oss klokka 10, for me skulle på sightseeing. Først stoppa me i ein liten by der me fekk sett oss litt rundt, så stoppa me på eit whiskeydestilleri med namn Royal Lochagar. Der fekk me sett korleis dei lagar whiskey og ein smaksprøve vart det óg på oss.



Medan me sat i bussen fekk me plutseleg vite at me skulle avgarde å sjå på "Highland Games" som er eit skotsk idrettsarrangement, med skotske øvelsar. Der skulle óg sjølvaste dronning Elizabeth komme!


Men det som var dagens høgdepunkt, var når me fekk sjå stokkasting!! Akkurat som på spelet me hadde på vår Commodore før i tida!! I tillegg var det tautrekking, sekkhopping (for ungar) og diverse springeøvelsar. Det var ein heil haug med folk og såg på!




Laurdagskvelden var me ute og åt middag saman, før me fortsatte med noko god drikke utover kvelden.
Søndag vart det nok ei shoppingrunde, og me for å vasa litt i byen.


Kyrkje utanpå....bar inni!



Per Gunnar fekk endeleg prøvd ein dobbeldekkar når me kom på flyplassen, om enn ikkje i fart...

To innfødde!!