onsdag 15. mai 2013

Båttur, fjelltur og grilling!

Forrige søndag hadde me ein super dag, då kom nemleg årets første sommardag til Flekkefjord. Me pakka ombord i båten, og køyrde til ei bryggje ute i fjorden. Derifrå gjekk me på to toppar, Gården Li og Kjørsfjell, som dermed vart topp nummer seks og sju. Det var opning av Gården Li for året, så då fekk me kjøpt oss bakels, og me fekk omvisning inne i bygninga. Traff òg eit eksotisk dyr.





Etterpå rusla me ned till bryggja for å grille. Deilig og varmt vêr var det, og Per Gunnar hadde lyst å bade, men mangla dessverre handduk. Etterpå køyrde me båten rundt heile Hidra! Nesten så me vart litt solbrente på nasen etter denne dagen.

tysdag 14. mai 2013

Simonskyrkja

Forrige laurdag knekte me topp nummer fem for året, då me tok turen til Simonskyrkja. Litt surt og kaldt var det, men ikkje den lengste turen, så gjekk fint likevel.



Ikkje so lett å få med begge to på biletet, hehe


onsdag 1. mai 2013

Topp nummer fire for året!

På sjølvaste 1.mai tok me turen til Bærtjønnknuten, som dermed vart årets fjerde topp. Fortsatt vinter der oppe, med islagte vatn, og delvis litt snø i stien. Men var fint å gå likevel!






Kven der mon tru?