fredag 30. oktober 2009

Strikking! :)

Tru det eller ei, no har eg byrja å strikke! Skikkeleg avanserte greier òg, med fleire fargar som du ser! ;) Ok, så er det berre av eitt nøste med fleire fargar då, hehe. Skal ikkje skryte på meg noko stor strikkekarriere akkurat, sjølv om genene skal vere i orden på dette området. Eigentleg er det jo litt artig å strikke, vertfall når du ser at det blir ganske fint (?) til slutt. Men det er ikkje alltid så lett å få tid til alt, så dette har ikkje akkurat vorte så volsomt prioritert. Spørs kor lang tid det tek før eg blir ferdig med prosjektet....




Nokon som trur dei ser kva eg er i ferd med å strikke?

onsdag 28. oktober 2009

Skyr!


I går testa eg og Per Gunnar ut Skyr, som er eit nytt meieriprodukt frå Q-meieriene. Det var ein slags yoghurt, men som hadde ein litt tjukkare konsistens enn vanleg yoghurt. Per Gunnar synes den vart for fromasj-aktig, og tykte ikkje noko serleg om den. Eg derimot syntes den var ganske god, den må vertfall smakas! Me smakte den med bringebær og granateple, men den fins óg i fleire typar!

Har du smakt Skyr? Kva synes du om den?

tysdag 27. oktober 2009

Kul musikkvideo! :)

Fann ein kul musikkvideo på youtube i dag:

måndag 26. oktober 2009

Ny jakke!

I dag har eg endeleg kjøpt meg ny jakke! Har eigentleg trengt ei ny ei sidan nokon var så frekke å stikke av med den forrige under Vassendgutanekonserten i Ueneshallen i vår. Men behovet har jo ikkje vore det heilt store i sommar, men har byrja å melde seg for alvor i det siste. Tråla Spor 2 ei stund, før eg fann meg ei på Cubus:


Diverse fra helga!

Fredag var me som sagt på VAMP-konsert, men sidan me måtte slå av mobiltelefonane våre under konserten fordi den kunne forstyrre pacemakeren til ein i bandet, så fekk eg diverre ikkje teke bilete... Legg heller ut nokre bilete frå vorspelet og frå Maritim etter konserten.

Ann-Marie, Nong og Reidar.


Hilde.


Arnstein, Per Gunnar og Emil.


I går var me på fjelltur, på Stolsåta, det betyr at me har tatt alle 15 toppane for i år. Det var vått og surt ute, og på toppen holdt me på å fryse oss ihjel medan me skreiv oss inn i boka. Godt me er ferdige!! Sidan det låg regn i lufta, vart mobilen igjen i bilen, dvs ingen bilete frå turen...

laurdag 24. oktober 2009

På kurs!

I går var eg og Trond Arve på kurs på Sola; Skatt 2009 - Aktuelle skattespørsmål. Det viktigaste når du er på kurs, det er maten. Og med popcorn- og softismaskin i gangen er det ikkje så enkelt å halde seg på matta. Eg starta dagen bra med å ete frukt frå fruktbaren i den første pausen, åt både banan, eple og litt melon. Verre var det i den andre pausen, då kasta eg meg over softisen. I pause nummer tre var det klart for ein boks med popcorn!



Så var det jo klart for lunsj - kursets høgdepunkt. Det var da buffét, og mykje godt å velgje mellom. Starta først med karbonade med lauk, vanlege potetar og litt grønsaker, men så kom eg litt lengjer bort, og fekk auge på fløtegratinerte potetar, måtte ta ein "desj" med det òg. Observerte òg at dei hadde taco, så når eg hadde ete opp min første porsjon (og eigentleg var ganske mett), fylte eg opp fatet med det òg. Namnam! Så var det klart for dessert. Tok litt sjokoladepudding med vaniljesaus på, samt eit kakestykke, og hadde tenkt å gå og setje meg, men dei hadde jo italiensk is!! Måtte jo ha litt av det òg. Me hadde tre kvarters lunsjpause, og eg rakk akkurat og stappe innpå alt dette før kurset byrja på att. I neste pause var eg forsatt så mett at eg ikkje orka tanken på meir mat, men med endå ein time med skatt innabords, vart eg igjen lysten, og tok meg likesågodt både softis og popcorn.. Skulle ikkje tru eg treng å ete på fleire veker attpå dette... Bra eg ikkje er på kurs kvar dag vertfall!



Ein annan ting som går an når du er på kurs, det er å hamstre ting. Det sit fleire folk uti gangen på forskjellige stands, med penner, nøkkelhankar, drops osv. i tillegg til alle brosjyrane sine. Eg beherska meg litt denne gongen, og kom heim med kun to penner. Litt verre syns eg det var for ein litt eldre kar som tok seg til rette under middagen, og stappa innerlomma full av tannpirkere, han hadde sikkert ikkje råd til å kjøpe seg det sjølv, så det var godt han kom seg på kurs!


torsdag 22. oktober 2009

VAMP!


I morgon skal me på VAMP-konsert på Maritim! Sidan me vann quizen for september, pluss at me leda etter tre runder i oktober, så har me til saman fått 14 gratisbillettar! Ikkje verst! Veit ikkje kven som skal og ikkje enda, men skulle tru me blir ein god gjeng. Konserten startar kl 20, meden dørane opnar kl 19, så blir hektisk for meg som òg skal til Sola på kurs i morgon... Men gler me uansett til konserten, satsar på det blir ein del folk, og bra steming! :)



Legg her ut ein link som smakebit:

Tir n'a noir

søndag 18. oktober 2009

Helg!

Fredag var me så klart på quiz, der Nye var ikkje heilt fornøgd med at han ikkje fekk røyke inne...

Per Gunnar og Reidar var i storform då Lag1 drog i land sigeren.

På laurdag fløtta me båten inn i båtstøa som den skal bu i i vinter.

Om kvelden var det tid for festlegheiter igjen, her er Jan og Per Gunnar.

Nattmat må til, og kva er då betre enn å gå på piri piri?

torsdag 8. oktober 2009

Regnbogen - ROGGBIF!!

I dag fekk eg sett regnbogen, den var nesten heil, pluss at noko av den var dobbel! Fint syn! :)

Rød
Oransje
Gul
Grøn
Blå
Indigo
Fiolett

I kveld skal eg til Lilleheia og til banken for å leite etter skatten! ;)

laurdag 3. oktober 2009

Surt mfk-tap!


I dag har me tatt turen til skien for å sjå odd-molde. Og som vanleg når me legg i veg på langtur, så blir det tap på oss... Linda tok òg turen, kosleg å treffast. På bilete ser de ein betutta mfk-supportar!