søndag 29. mars 2009

Arrangert tur til brendøyknuten



Turistforeninga arrangerte tur til Brendøyknuten på Andabeløy i dag. Eg, Per Gunnar, Emil, Jostein og Nye vart med på denne. Med ein gjennomsnittsalder på ca. 70 var tempoet ganske bedageleg, men me hadde ein fin tur. Nye hadde joggesko, og det vart berre meir og meir snø til lengre opp me kom, så han blei LITT våt på føtene, og festet var heller ikkje det beste...
På toppen kosa me oss med kakao og appelsin, og fekk skikkeleg påskesteming.



Fekk til og med ta ferje!:-) ikkje kvar dag gitt!

laurdag 28. mars 2009

Quiz-kveld

I går var det fredag, og det er no det same som quiz. I og med at me vinn månedspremien kvar gong, som er ein middag for 6, møtast me på Maritim kl 8. Eg var so heldig at eg fekk min favorittmat; tapas. Eg som er altetande, vart super-happy og frotsa i løkringar, kamskjel, kyllingvingar og andre mystiske ting. Loffen var god da, og det same var desserten! :)

Mens me venta på at quizen skulle byrje, vandra me bort til det røyklagte nabolokalet, der det skulle vere moteshow. Motebevisste som me er, sto me omtrent først i køa, og var so heldig at me fekk med oss ein velkomstpose, noko som serleg slo an blant Emil og Nye: leggings :p
Men det me ikkje var heilt klar over, var at moteshowet ikkje skulle starte før halv 11, so me måtte berre gå slukøra/letta (stryk det som ikkje passar) tilbake til quizen, utan å ha sett ein einaste moteriktig person...
Anyway, stort oppmøte på quizen i går, beinhard konkurranse. Ikkje frå det andre laget, men frå moteshowet. Me cruisa inn til seier, i og med at det andre laget kun bestod at eit gamalt fullt ektepar fra Jæren. Dei klarte heile 3,5 poeng i første runde, og 1 poeng i andre, so då seier det seg sjølv at det vart bongar på oss, og noko godt i glaset som premie. Fann òg ut etter å ha sett dei to på det andre laget: det er best å drikke nok når du er ung, so du slipp å oppføre deg slik når du blir gamal. Den heftige dansinga, ravinga, og påfølgande somne i stolen og bli kasta ut etterpå, tok seg liksom ikkje heilt ut for ei dame i 50-åra... Me tok ein tidleg kveld, men ikkje so tidleg, so kvifor eg kl 7 i dag tidleg var ljos vaken og måtte stå opp, er for meg eit mysterium.

Sidan eg ikkje tok eit einaste bilete i går, måtte eg sniklåne det eine som Per Gunnar tok :)

laurdag 21. mars 2009

Grilltur til Brufjell - ein perfekt laurdag :)


For på jobb på laurdag, men etter å ha sete og sett ut på sola og det nydelege vêret, bestemte eg meg for at dette går ikkje an. Særleg ikkje etter at eg såg vêrmeldinga til søndag, som viste seg å ikkje vare særleg god. Så da var det berre å logge seg av maskina, og sett kursen heimover.

Drog Per Gunnar opp av senga, begynte å småpakke, fant fram pølser, laget kakao, så var det å komme seg avgårde. Måtte innom ein butikk og to bensinstasjoner før me fann eingongsgrill, men på Statoil har dei det meste.

Så tok me vegen mot Åna-Sira og Roligheten. Parkerte bilen, og satte kursen mot toppen for å leite etter minnebrikken til Nerland.

Per Gunnar satsa på joggesko, mens eg safa og tok på fjellskoa, men begge to kom velberga og tørrskodde til toppen. Me skreiv oss inn i boka, og klipp nr. 2 i årets "10 på topp" var ein realitet.

Me fann oss ein lun plass på den forblåste toppen, og då var det å fyre opp eingongsgrillen og hive på pølsene. Me hadde faktisk tolmod nok til å vente til den var skikkeleg varm. I og med at Per Gunnar vant ein termos på loddsalget på jobb på fredag, passa det også bra og ha meg seg kakao på tur. So sat me på toppen og kosa oss, ingenting er som grillmat etter en hard(?) fjelltur. Etterpå var det berre å nyte det herlige solskinet, og den flotte utsikta. Begge to sovna, deilig å slappe av i sola, og so vart me kanskje litt brune òg.

Men me fann ikkje minnebrikken no heller...


søndag 15. mars 2009

søndag 8. mars 2009

torsdag 5. mars 2009