laurdag 26. juni 2010

Fiskekonkurranse og båthelg!


I går var me med på fiskekonkurranse, innsatsen var større enn fangsten, men me fekk då nokre fiskar, sjølv om me måtte kaste uti att dei fleste pga størrelsen.. Vart ikkje nokon pokal på oss for å seie det slik, men artig var det.


Så fann me ut at det hadde vore artig og tatt ei overnatting i båten, så då var det heim for å proviantere og pakke, så fann me vegen til Torsøy igjen. Der var det reker og kvitvin på gang, før det bars til sengs i båten.


Kaldt i dag tidleg når me vakna, før sola byrja å varme utpå føremiddagen, har vore ein knallfin dag i dag, med bading, soling, roing og avslapning. Aftersun var greit og ha når me kom attende no for å seie det slik, trur alle fire vart litt solbrent, men det høyrer jo med det óg!




torsdag 24. juni 2010

St.Hans 2010!


I går var det som kjend St.hans, og i Flekkefjord betyr det bål på fjorden, og fullt av båtar. Me var ein heil gjeng som hadde tenkt oss på Torsøy, men der var det så fullt at det var umogleg og komme til. For difor på ei anna øy i stadenfor, og etter ein del om og men, hamna me på ein fin plass til slutt. Her vart det då grilling og kos. Etter kvart satte me kursen for Flekkefjord for å sjå på "Spiren" som bålet vert kalla, og me var ikkje den einaste båten på fjorden for å seie det slik! Me var så mange folk at me måtte køyre to turar inn frå øya, og medan me venta prøvde me oss på haiking, utan større hell.

  

søndag 20. juni 2010

laurdag 12. juni 2010

Ein snartur på topp nr 9!



I kveldinga i dag satte me kursen mot Høgfjell, hadde litt dårleg tid, i og med at me hadde tenkt å rekke VM-kampen England-USA. Hadde eit brukbart tempo oppover mot toppen, skreiv oss inn i boka i ei fart, tok nokre bilete, og sprang heile vegen ned att. Når me kom oss inn dørene og fekk på fjernsynet, hadde kampen pågått i 36 sekund, så må seie me klarte det ganske bra.



fredag 11. juni 2010

Nye nøklar!


Jernia er grei å ha når ein har hatt eit aldri så lite nøkkeluhell!

laurdag 5. juni 2010

Snart VM i fotball!!

Snart brakar det laust med VM i fotball i Sør-Afrika, første kampen går fredag den 11.juni, og då går det i eitt til finalen den 11.juli.

Her er den offisielle VM-sangen, som me har fått "dilla" på!



Skal du følge med på VM? Synd Noreg ikkje er med?

fredag 4. juni 2010