måndag 25. januar 2010

På Tinghuscup i Kristiansand!

I helga var me som tidlegare nemnt på cup i Kristiansand, både eg og Per Gunnar var der og spela!
Per Gunnar gjekk uheldigvis ikkje vidare, etter to tap og ein seier. Men han vart toppscorar med 5 mål!!


Me jentene spelte serie, og når me då vart knust allereie i første kamp, var håpet om gull i realiteten allereie ute.. Menmen, me vann vertfall klart dei 3 neste kampane, og tok dermed 2.plassen.


Om kvelden var det felles 3-retters middag på hotellet, med loddsalg og sosialt samvære. Vollen FK har 15-års jubileum i år, så det vart òg utdeling av diverse utmerkelsar. Det var forøvrig Per Gunnar som blanda lodda før trekninga, og klarte dermed og stikke av med førstepremien! Det har vore ei kjekk helg, men det var òg utruleg godt og komme seg heim og slenge seg på sofaen i går ettermiddag!


fredag 22. januar 2010

Gryterett!



I dag diska Per Gunnar opp med gryterett til middag, det var godt det! Snille guten min!:-)

Fine orkidéen min!


Sjå den fine orkidéen eg har ståande i vindauget på jobb! Den spratt ut i jula og held seg fortsatt godt!

Då nermar helga seg med stormskritt, og me skal ta turen til Kristiansand for å spele turnering med Vollen FK! Kryss fingrane for at me får med oss den gjevaste pokalen heim!:-)

God helg då folkens!

søndag 17. januar 2010

Skøyteløparar

No har me vore på isen tre dagar på rad! Det er kjekt å komme seg litt ut i frisk luft, og attpåtil få både trim og ha det artig på kjøpet! Her kjem to små snuttar av våre fantastiske skøyteferdigheter:



onsdag 13. januar 2010

Blodappelsin!


Det trur eg faktisk det er eit tosifra antal år sidan eg har ete! Så då var det verkeleg på tide! Og saman med eit glas med EpleBlåbærSolbærAronia-juice blir det ei fin og sunn avslutning på dagen! Mmmmmmmm, smakte godt etter fotballtreninga!

søndag 10. januar 2010

Ønskeliste til bursdagen min!

No er det berre ein knapp månad til eg har bursdag, og nokon synes det var greit når eg før jul laga ei ønskeliste, dermed skal eg gjere eit forsøk på dette no òg.

Bilete frå bursdagen min i fjor:


Ønskeliste bursdag:
- Ansiktskrem.
- CD-mappe.
- CD: "The Boy Who Knew Too Much" med Mika.
- MFK-Fleecepledd.
- Morgonkåpe i fleece.
- Boka "Postcard Killers" av Liza Marklund og James Patterson.
- Boka "Havfruen" av Camilla Läckberg.
- Diverse skjerf/sjal.
- Alt mulig anna rart dykk må komme på!:)

onsdag 6. januar 2010

Gratulerer Oddgeir!

Hipp-hipp hurra, i dag har sjølvaste Oddgeir "Oddis" Nerland bursdag! Gratulerer så mykje med dagen i dag!!
Håper du får ein superduper-dag, regner med Liv Mary steller i stand noko godt til deg! Og er du riktig heldig kjem det kanskje ein ny Molde-spelar òg.

Som de ser er han som regel kledd i blått:


laurdag 2. januar 2010

Nyttårsaftan!

På nyttårsaftan var me først på Lyngstad og åt ein nydeleg pinnekjøtmiddag, Harry var òg til stades:


På kvelden var me på Eide, der feira me med bål og stjerneskot:






fredag 1. januar 2010

Happy new year!!

Eller godt nyttår, som det heiter på godt norsk.

Vil gjerne ynskje alle saman eit godt nyttår!! :D