onsdag 29. juli 2009

Ei kasse med baguettar!

I dag skulle eg på kiwi for å handle. Hadde planar om salat i dag, måtte difor gjere innkjøp av baguettar. Kjøpte tilfeldivis First Price sandwich-baguetter, og det skulle eg ikkje angre på... Då eg kom heim att, oppdaga eg at dei var mugla - og utgått på dato. "Aha" tenkte eg, og storma attende til kiwi! I og med at dei har ein sånn dato-regel, tenkte eg kanskje at dei hadde fleire att, og at eg skulle få pengane for dei, og bli rik! Det eg ikkje heilt hadde fått med meg, var at om dei hadde fleire av varen, så får du den i staden for pengar. Så då fekk eg med meg ei heil kasse med baguettar som går ut om ein månad.



Nokon som vil ha ein baguett??

laurdag 25. juli 2009

Fjelltur til Veden Stod

I dag har me vore på tur til Veden Stod, i retning Åna-Sira. Det var førsten gongen me var på dette fjellet, og var vel ikkje heilt klar over kor langt og bratt det var. Eg fekk kondissjokk lenge før me nådde toppen.. Men med nokre småpausar på vegen, kom me oss opp til slutt. Var vertfall ei nydeleg utsikt utover havet og Hidra når me først kom opp!




Posering! :)



fredag 24. juli 2009

Parisarhjul!

Då har me vore å prøvd parisarhjulet under Laksefestivalen! Det var høgt med god utsikt over byen og fjorden. Her kjem nokre bilete:



Lunsj!


No skal eg nyte ein nydeleg lunsj på ein meget stille og roleg dag åleine på kontoret!

Ro, ro til fiskeskjær, kor mange fiskar får me der?

Ikkje at me akkurat rodde, men i går var me på fisketur. Eg, Per Gunnar og Nye. Me prøvde ut fleire forskjellige fiskeplassar, litt på måfå, sidan me ikkje er så fiskekjent her... Etter at eg hadde satt fast snøret i botn for tredje gong, og Nye hadde fløkt snøret sitt, hadde me meir eller mindre gjeve opp å få fisk.



Men som de ser var Per Gunnar som alltid
optimistisk. Men etter at han hadde prøvd å floka opp snøret til Nye i nærare ein time, begynte også han og miste motet.
Men når snøret var oppfløkt, og Nye skulle dra opp resten av snøret, kva dukka opp då? Jau, ein makrell!
Den slappaste makrellen nokon sinne, den hadde nok hengt ei stund på snøret. Gavmild som Nye er, fekk Per Gunnar fisken, så då vert det fisk til middag for han i dag. Uheldigvis for meg vart det med den eine fisken, så det blir nok ikkje nok mat til oss begge, så eg må finne meg noko anna til middag i dag!;)

måndag 20. juli 2009

Mamma på feriebesøk!

Bakeripause i shoppinga.

På båttur til Torsøy...

...med boccia-speling....

...og bading for enkelte sprekingar!Spela LITT vriompeis, med ulikt hell.

Pizza på Pizza Inn!
Dresinsykling! :-)

laurdag 11. juli 2009

Norway rock festival

Me har forvirra oss til Kvinesdal på rockefestival. Som de ser sklir per gunnar rett inn i miljøet!:-)
Dag har fått på seg regnkappa si!