Alle nissunger må opp og stå ut å gå, det er første desember i dag!! :D
I år som i fjor har me adventskalender på jobb, dvs at alle sju skal kjøpe tre gåver kvar, på tilsaman 100,- Desse blir lagt under juletreet vårt som Linda har pynta, så blir det trekt ut ca. 1 gåve kvar dag i advent. 7x3 blir som kjend 21, men sidan me ikkje er på jobb på sjølvaste julaftan, pluss i helgene, så blir det sånn akkurat passe mange pakkar. Ikkje så enkelt å komme på kva ein skal kjøpe, men eg har då funne på noko i år òg.
Sidan pakkane ikkje har komme under treet endå, legg eg ut eit passande bilete frå i fjor: