onsdag 28. april 2010

Investeringar!

Her ein dag var me og handla inn litt forskjellig. Blant anna ei ny skohylle, den gamle var både stygg, skakk og for lita... Ikkje at det ikkje blir fullt av sko på den nye heller da men.


Me har óg kjøpt nokre nye sko: (gjett kven som er kven sine!)


Og i tillegg kjøpte me oss ei slags hylle med skuffer/korger, som me har huar, vottar, ullabbar osv oppi. Alltid kjekt med meir oppbevaringsplass. Så slapp hattehylla å vere så rotete som den har vore i det siste..!


Kjøpte meg óg forresten ein ny genser her om dagen! :)


søndag 25. april 2010

Tredje toppen for året!


I dag har me teke turen til Simonskyrkja. Overskya i dag, men fint turver! No skal me i gong med nedstigninga!

onsdag 21. april 2010

Isbitar!

I går fekk me kopla slangen til det nye kjøleskapet vårt, og vips, no sprett det isbitar ut frå kjøleskapet i eitt køyr! DIGG! Så no blir det isbitar i vatnet, isbitar i safta, isbitar i juicen, isbitar i mjølka, og isbitar i kaffien! Ikkje at me drikk kaffi då men, hadde sikkert hatt isbitar i den óg. No sit me og kosar oss me kvar sitt glas med iskaldt vatn med isbitar. Skål! :)



tysdag 20. april 2010

Klaus Herman!


Her kjem nokre fine bilete av vår blome Klaus Herman! Han blomstrar som aldri før for tida, og viser seg her frå alle sine beste sider. Han har eit strekt ønske om å bli kjendis, og han trur at om han kjem på bloggen her, så blir han det. Så han får nesten berre leve i den trua! Dersom det fins ei snill og grei (og fin) hoblome der ute som er interessert, så legg igjen beskjed i kommentarfeltet! Klaus Herman er med på det meste!


måndag 19. april 2010

Skienstur på søndag!


Eg og Per Gunnar tok oss ein svipptur til Skien, Ibsen sin borndomsby, på søndag, for å sjå Odd Grenland-Molde. For avgarde på førmiddagen, slik at me fekk litt tid i Skien før kampen. Der gjekk me på ein kinesisk restaurant og åt ein fantastisk middag. Me var så mette at det var så vidt me klarte å gå til stadion. Der hadde me 90 frustrerande minutt, men Steen redda dagen då han stanga inn utlikningsmålet på overtid! Hadde vorte ein lang tur heim hadde det ikkje vore for han!

Berre krykkja mangla...
Kult tre!
Spent, på restaurant før kampen

Forsiktig optimist før kampen

Har fått kritikk for mi raude jakke eg nyttar på kamp, kan nokon kjøpe ei blå ei til meg??

torsdag 15. april 2010

Heklahue!


Då er eg faktisk ferdig med å hekle den hua eg byrja på i påskeferien, synes den vart rett fin eg! Så no spørs det om eg må avgarde for å gjere innkjøp av meir garn, og fortsette på neste hue, eller noko anna rart... Kjenner eg meg sjølv rett, kan det ta si tid!
Her ser de iallfall det fantastiske resultatet:

Seriestart og kjøleskaptrøbbel!

På tysdag hadde Moi første seriekamp for sesongen, der me møtte Hana 2. Sjølv om seriestarten i år ikkje vart like overbevisande som i fjor (då me vann 18-0 i første kamp), så starta me vertfall i år òg med siger. Til pause var resultatet 3-0, og det same vart sluttresultatet. Eg scora eitt mål, og er dermed delt toppscorar, hehe!

Bilete frå i fjor

Når eg kom heim etter kampen, klaga Per Gunnar på at osten hans var mjuk og juicen varm... Med andre ord: Kjøleskapet vårt hadde gått til dundas! Termostaten er kaputt, og det blir då mest sannsynlig innkjøp av nytt kjøleskap i ettermiddag.

søndag 11. april 2010

Topp nummer 2 for året: Ravnåsen!


I dag var det duka for å bestige den andre toppen for i år, og då tok me vegen mot Ravnåsen. Per Gunnar har vaska og klargjort syklane i dag, så då var det ingen bønn, og me trakka avgarde. Me parkerte syklane på Loga og starta oppstigninga, men me vart litt usikre når me kom til desse skilta, høgre eller venstre??


Me tok til venstre, og etter langt om lengje og lengjer enn langt kom me oss på toppen til slutt. Der vart me møtt av ei nydeleg utsikt over Flekkefjord.


Per Gunnar kjøpte seg nye joggeskor i går, og måtte sjølvsagt teste ut desse i dag.


Årets første båttur og grilling!

I det strålande vêret me hadde i går, benytta me anledninga til å ta den første båtturen i Flekkefjord for året. Me køyrde ut til Torsøy, der me fyrte opp grillen. Sjølv om nokon av pølsene vart litt vel svidd, smakte det verkeleg godt med grillmat igjen. Blir nok eit par grillingar til utover ja! :) Litt fotballtriksing og boccia-speling fekk me òg tid til før me tøffa tilbake mot byen.





måndag 5. april 2010

Hekleopplæring og nålfilting!

I påska har eg prøvd meg på noko eg aldri hadde høyrd om før, nemleg nålfilting. Linda hadde med seg ull, isoporkular og ei filtnål, og dermed var det berre å setje i gang. Påskekjuklingar vart produsert i stor stil! Eg har laga den gule...

 
I tillegg har eg lærd meg å hekle, og er no i gang med ei hue!

søndag 4. april 2010

På påsketur til Ørnhaugen!

I dag tok eg, Linda og Kari oss ein søndagstur til Ørnhaugen, med oss hadde me litt proviant! Det har vore eit skikkeleg fint vêr i dag, med nesten sommarlege temperaturar, heile 10 grader var det. Deilig og komme seg ut no når det vårast!!



Påskemorgon slukker sorgen!


I dag tidleg hadde me påskefrukost, som i tillegg til mykje god mat, innehaldt teikning på egg! Her er nokon av dei kreative resultata:



laurdag 3. april 2010

Bylaurdag!

I dag har eg, Linda og Michal vore i Molde ein tur. Har vore litt på shopping, før me var på Dockside for å sjå kamp. Den endte ikkje slik me ville, så akkurat det treng eg ikkje skrive så mykje om... Etter kampen var me å bowla!! Stadion fekk me òg sett:




torsdag 1. april 2010

Fotballaktivitet i påska!

Eg, Linda og Michal var tidlegare i dag på kunstgrasbanen på Riksfjord. Der vart det triksing, sentring, skyting, heading og litt fotballspeling. Her kjem nokre bilete av dette. Har òg filma litt, men det får heller komme seinare!!