laurdag 29. august 2009

Koffertkjøp!


Etter om og men og mykje prøving, sjåing, sjekking og luring, har me i dag kjøpt oss kvar vår koffert. Dei kjem nok godt med på alle turane våre framover!

No på de tippa kven som er kven sin!:-)

måndag 24. august 2009

På besøk med Siv Katrin!

Då har eg vore på besøk med Siv Katrin ein tur, eller Plex som ho òg blir kalla. Der har eg sett på forskjellige bilete, og me har mimra frå "gamle dagar" og snakka mykje tull. Eg har òg helst på den til tider spinnville katten hennar Cindy igjen. Som alltid kjekt å treffast Plex!!:)

søndag 23. august 2009

Søndag

Per Gunnar vart med til Gossen etter kampen i går, medan me i dag fekk besøk av Nerland og Liv Mary. I dag tok eg og Per Gunnar dei to postane eg hadde igjen på Gossen; Jermannsburet, Gossen's høgste fjell på heile 99 meter, og Emmershaugen.

Etterpå var me ute å prøvde jolla, rodde ut til den nærmaste holmen, der me steig i land og bada. Me traff òg ein hest på vegen.

Så fekk me storbesøk, og Hilleborg varta opp med kotelettar til middag, og lefser og ostekake til kaffien. No blir det nok fotball resten av kvelden!

Gratulerer til Mattias Moström!


Endeleg! I går kom målet eg har venta så lengje på, Moström scora!!:) Då var det ei som hoppa ekstra på tribunen ja! Eg trur eg må oftare på kamp, Mattias scorar nemleg berre når eg er å ser på. Han scora òg i fjor når me var i Stavanger på kampen mot Viking. I går gjorde han slik at Nerland slapp å sitje å vere så nervøs på slutten av kampen, i og med at 2-1 er litt skummelt. Håpar at det lausnar no, og at han puttar fleire framover!


fredag 21. august 2009

Toppturar i Julsundet!


I dag for eg og mamma avgarde til Julsundet for å ta dei 4 postane i "10 turmål i Aukra kommune". Me satte avgarde med godt mot, men den første bakken opp til Fangholsetra var lang og bratt... Mamma hadde med seg stavar, så ho hoppa seg over alle vasspyttane oppgjennom til Pe'skaret. Etter kvart kom me oss på både Storklauva og Svarnakken, medan me åt litt niste på vegen.

Når me byrja å gå skein sola på ein blå himmel, men når me nerma oss post nummer tre, byrja det å komme nokre regndråpar. Mamma trur som kjent at ho ikkje er vasstett, og vart litt bekymra når ho fekk regn på brillane. Men når me hadde starta på turen bort til Hundetjønna gav regnet seg, og sola kom fram igjen. Så då hadde me knekt alle toppane, og kom oss attende på ferjekaia. Der måtte me kjøpe oss is! :) Då har eg berre to postar på Gossen igjen, så har eg alle ti, og vil få meg eit velfortjent turkrus!

Utan mobil

Når eg skulle fare frå Lyngstad i går, la eg sjølvsagt att mobilen min, noko som førte til store frustrasjonar. Tenkt å vere to dagar utan mobil!! Det var jo heilt krise! Kunne heller ikkje snu å hente den når me oppdaga det, for då hadde eg vel ikkje rukke ferja eg skulle ta. Jaja, slik kan det gå…

Når du overlet mobilen til andre sin varetekt, kan det skje litt av kvart. For eksempel kan du plutseleg få ein heil haug med blogg-innlegg. Men eg fekk vertfall bildene då, slik at eg kunne lage innlegg! Takk Per Gunnar! :)


torsdag 20. august 2009

Tur til Stortua



I går fant eg og Per Gunnar ut at me skulle bestige Stortua, Lena skulle òg vere med. Sidan Nerland er så sprek, og ikkje fekk nok når dei var på Melen dagen før, slo han seg med han òg. Lena hadde tjuvstarta og var i gang før me andre tre kom. Når me kom til den første postkassa, sat ho der i støvlane sine og venta på oss.
Så fortsatte me oppover, og me kom oss til topps alle fire. Der var det fin utsikt, og me fekk Jan Erik til å rive seg laus frå pc’n slik at me fekk vinka til han. Me fekk skrive oss inn i boka, og der eg måtte skrive at dette var min første tur for året, var det andre som hadde nokre fleire, berre firehundreogeitelleranna turar, ikkje verst.
På vegen ned igjen møtte me på nokon krøllete skapningar med bjeller på. Dei holdt på med noko mystisk bak eit tre...






Når me var nedkomne, skulle me fare og hente Dina i barnehagen. Men sidan Nerland ikkje var til å sitje i same bil som, både svett og med krabbe-skjorta fra dagen før, måtte me ta oss ein dukkert. Det var tross alt 27 grader i går, so eit bad var på sin plass. Det var ikkje like varmt i vatnet akkurat, men friskt og godt var det.



Krabbefest!



Høyrde rykter om ein heidundranes krabbefest på Lyngstad her om dagen. Sidan eg er så glad i krabbe, inviterte eg likesågodt meg sjølv. Eg pakka ned rusbrusa mi, og for avgarde. Krabbekokaren Nerland var redd for at det skulle bli for lite krabbe, men der bekymra han seg unødvendig. Sidan verken krabbedykkaren eller nokon av brødrene hans dukka opp, vart det ikkje mange krabbeetarar att. Nerland fekk servert brus som smaka litt rart, medan Per Gunnar tok seg eit par pils. Liv Mary smakte så vidt på ei krabbeklo, før ho evakuerte inn i stova. Per Gunnar åt til han ikkje klarte å stå beint lenger, medan Nerland var noko småspist, og måtte inn og ta seg ein yoghurt etterpå.


Sofus var spent på kva dei rare skapningane var for noko, så Nerland måtte stadig jage han vekk så han ikkje fekk ei klo rundt labben. Han snusa òg på krabbekjøttet som dei to karane rota ned på platten, men det fall ikkje heilt i smak. Han tok derfor ein strekk på senga i staden for.

laurdag 15. august 2009

Innedag....



Tru det eller ei, i dag har det ikkje vore sol i Flekkefjord! Sjokkerende nok har det regna i heile dag. Men då er det ikkje så keisamt å vaske leiligheita, som det hadde vore om sola hadde freista ute. Etter at me var ferdig med vaskinga har me ete pizza, og sett delar av Chelsea-Hull, der Hull nesten klarte å rappe med seg eit poeng. Får håpe Bodø/Glimt har meir hell enn Hull, og får med seg poeng mot Rosenborg no straks. Blir mykje fotball i dag, i og med at Tromsø og Stabæk òg møtast i kveld.










I går skulle me på kino for å sjå den norske grøssaren Snarveien. Men då me ankom kinolokalet fekk me vite at den var avlyst, og at dei skulle vise Brüno i stedet. I og med at me eigentleg hadde lyst å sjå begge dei to filmane i går, så gjorde det i grunnen ikkje så mykje. Nokon hadde visst glemt å sende filmen frå Mandal, men den skulle visst komme med bussen i dag, så kanskje me skal sjå den i morgon i stedet for. Berre i Flekkefjord dei får til slikt! Brüno var for øvrig litt artig, men òg litt teit.

Brüno

måndag 3. august 2009

Gratulerer Oddis - og MFK!

Vil herved gratulere Oddgeir med heile 7 rette på rb-tips forrige veke!

Han var då berre 1 fattig kamp unna å ha mest i runden... Men han klatrar stadig oppover på sammenlagtlista, og har no berre 5 rette opp til leiaren. (Og 1 rett ned til undertegnede).

Ynskjer Oddis lukke til vidare med tippinga! :)

Helga kunne vel heller ikkje blitt stort betre etter oppvisninga til Molde på laurdag. 8-1 over Start er jo heilt sjukt!! Me kryssar fingrane og håpar på avansement i cupen til helga! Spørs berre om dei kjem ned på jorda igjen etter storsigeren...