søndag 23. september 2012

På fisketur!

I dag var det stille og fint ute, og sol, det var dermed duka for fisketur!!

Ovaldsteinen!

I går var det på høg tid å komme seg på ein topp igjen, og då var valet enkelt: Ovaldsteinen stod for tur. Kjende at det var ei stund sidan sist me gjekk i fjellet, men opp kom me oss!


Det var topp nummer 18 i år, og den siste på lista = oppdrag utført! Kjempefint haustvêr med strålande sol!

Huesveis:

Når me kom heim att, kjaurte me i oss velfortent fårikål, og seinare kanelsnurrar og skulebollar! Finfin laurdag!

Barndåp i Bardu!

Forrige helg tok me turen nordover til Bardu og Setermoen, der vesle Sigurd skulle døypast. Per Gunnar var attende på gamle trakter, sidan han var der når han var i militæret. Her er kaserna han budde i:

Og ei beltevogn:
Bardu kyrkje:
Mormor på trilletur:
Sigurd har skjønt det: Heia Molde!
På veg inn i kyrkja:
Ferdigdøypt:

To små gjestar:
To litt større gjestar:
Handbak på gang:
 Bursdagsfeiring vart det óg
 Mykje god mat, og ikkje minst ei kul kake:

onsdag 12. september 2012

Carlisle i England

I helga tok me turen til England saman med Vollen FK. Hadde ei fin helg med fotballkamp, sightseeing, båttur, roing og shopping for å nemne noko.

Laurdag tok me buss saman med Carlisle United sine supportarar til bortekamp i Hartlepool, der me fekk politierskorte dei siste kilometra, det var ganske tøft. Utanfor stadion krydde det av politiar, trur ikkje eg har sett så mange politi samla på ein stad før! Calisle stakk óg av med sigeren, så då vart stemninga god på veg heim.
 


Traff óg på nokre politifolk ein kveld, og måtte då sjølvsagt ha eit bilete.


På søndag tok me buss til Lake district, der me både var på båttur, og var (nesten) ute å rodde!


  
Måndag var det tid for shopping, då me stoppa nokre timar på eit kjøpesenter i Newcastle før me skulle til flyplassen. Der hadde dei det meste, så det vart litt handling på oss, i tillegg til at me fekk tatt eit par rundar med bowling.

Bergensturistar!

Når me var i Bergen, så måtte me jo óg leike litt turistar, og dermed var tur med Fløibanen obligatorisk.



God mat hadde dei óg i Bergen.

 
På søndag var me med på båttur med White Lady, der det var guiding utover fjorden. Turen varte i 4 timar og vart litt i drøyaste laget, men fekk jo sett oss litt rundt da.



Etterpå bars det inn i toetasjes buss som tok oss opp til starten av svevebanen opp til Ulriken, før me svevde opp til toppen. Der fekk me servert ein betre middag, samt sett på utsikta.

onsdag 5. september 2012

Statuar!

I Bergen var det opp til fleire "statuar"!




 

laurdag 1. september 2012

På padletur!

 På laurdag var me på padletur i Austrheim, leidde oss ein tomanns-kajakk, ganske so kjekt! Spesielt for ho som sat bak og kunne snike seg unna padlinga, neida, jada, neida.