måndag 6. august 2012

Øyhopping

I dag har me hatt ein flott dag, med ein rundtur med ferje i fint vêr. Først var det Ona som stod på programmet, der me fekk sett på fyret, kjeramikkutsalg og fin utsikt utover havet.









Vegen vidare for flesteparten av oss gjekk til Finnøy, medan Hilleborg tok ferja rett attende til Gossen og jobbing. På Finnøy testa me ut Håp i Havet, eit fint lite badeland. Der var det basseng, badstue, steambad og ikkje minst rutsjebane med tidtaking. Etterpå var me på Havstuene og fekk oss noko mat, før eg og Per Gunnar rusla oss bort for å sjå moloen over til Harøya, som Per har vore med og laga. Deretter vart det nok ein ferjetur, til Gossen igjen. Takk for ein super dag!




laurdag 4. august 2012

Per Gunnar på Gossetur

 Tur til Brenslen på Småge, innskrivning i bok, og flott utsikt.

 Eksotiske øyskapningar:
 Etterpå vart det grillings ved Smågvatnet:

Solnedgangar på Gossen




onsdag 1. august 2012

Plassen


Då er eg på plass, på Plassen!