søndag 29. mai 2011

På veg til Haugesund!


Han et svele og tek ferje!

laurdag 28. mai 2011

På langtur

Forrige søndag satte me oss i bilen og drog ut på langtur. Køyrde opp til Sirdal, og køyrde over den nysommaropna fjellovergangen frå Suleskard til Brekke i Aust-Agder. Køyrde attende igjen, og så vestover mot Lysefjorden i Rogaland, til Ørneredet, ein restaurant med utsikt over fjorden. Då var me plutseleg i tre forskjellige fylker på kort tid. Var fortsatt brukbar størrelse på brøytekantane i området!

Sjåførbytte på Tonstad, med ispause.

Propell frå eit fly som styrta i området under krigen.

I reinsdyrland.

På toppen av Suleskard, over 1000 moh.

Vinter enda her.

Middag på Ørneredet.

Han kikker ut på utsikta.

Han står og frys ved brøytekanten.

laurdag 21. mai 2011

Gulbergknuten!

I kveld var turen komen for topp nummer 8 i år, og den gjekk til Moi og Gulbergknuten. Fint turvêr i kveldinga med litt sol og passe med varme! Ikkje den heilt lange turen, men godt og kome seg ut på tur uansett!



onsdag 18. mai 2011

17.mai!!

I går var det som kjend 17.mai, og det vart feira som berre det i Flekkefjord. Alltid like kjekt å bli vekt TIDLEG av saluttar og revelje.... Me fekk på oss finstasen og kom oss ut i gatene, og etter kvart vart det både fotballkampar og toggåing! :)





(Dette bilete er henta frå Avisen Agder)

søndag 15. mai 2011

Orresteinen!

Nydeleg utsikt over Fedafjorden! I førmiddag tok me oss ein tur til topp nr 7; Orresteinen på Feda!



måndag 9. mai 2011

Snart nyklipt!


Då sit eg i frisørstolen med folie i håret. Striper og "17-mai-klippen" er undervegs!

søndag 8. mai 2011

3 toppa i ein sleng!

I dag slo me på stortromma, og begav oss ut på langtur. Først var det på med hjelmen, og sykling bort til Loga, før me vendte nasen mot topp nummer 1: Anneråsen.


På toppen fekk me oss ein fortjent Bixit-turbar, før turen gjekk vidare mot Søylandsvarden. Der var det eple som stod på menyen! Sol og fint i dag, men ganske bra med vind, særleg når me kom til topps!


 Til slutt stakk me innom Bærtjørnknuten, der nok ein Bixt-turbar vart fortært, som kjend: Utan mat og drikke dug helten ikkje! Når me fekk karra oss ned, hadde det vore eit meir gledeleg gjensyn om Mazda'n hadde stått klar, men diverre var det berre to syklar som stod der. Så då var det ingen nåde, det var berre å trakke på..!


laurdag 7. mai 2011

På toppen av Pollfjell!


I kveld stod topp nummer 3 for tur, etter å ha kosa oss med båttur å avslapning på Torsøy heile dagen!


Hehe, bomma litt...

søndag 1. mai 2011

Tur til Grønnes

I dag tok me turen til Grønnes, der me har dreve med litt forskjellige aktivitetar. Me spela både kubbespel, boccia og sentra litt volleyball. Hadde òg med oss noko småsnacks, for matpause høyrde med. Ikkje like fint vêr i dag som i går, men overskya og litt sol innemellom.





Superlaurdag!

I går hadde me eit fantastisk sommarvêr igjen, og benytta det til å kose oss ute mest heile dagen. Det første som stod på programmet var sykkel- og fjelltur til Høgfjell, topp nummer 2 for året. Etterpå gjekk me oss ein tur i byen, fekk handla litt, og ikkje minst kjøpt årets første softis! Så bars det heim att for å grille, og litt soling på verandaen fekk me òg tid til. Her kjem nokre bilete frå fjellturen: