onsdag 27. april 2011

Moi damelag 2011

På måndag hadde me vår første seriekamp for året, og då tok me i tillegg lagbilete før kampen. Kampen endte forøvrig 2-2... Burde ha vunne, menmen!

(Bilete henta frå Moi IL sine heimesider)

laurdag 23. april 2011

Flott båttur i går!!

I går var eg på besøk hjå Per Gunnar, og då tok eg, Per Gunnar, Liv Mary og Nerland oss ein fin båttur i det fantastiske påskevêret. Etter kvart kom me fra til ein fin plass, der me kom oss i land, og etter mykje om og men fekk me òg grilla oss pølse, etter at bålsjef Nerland kom med einerbuskane sine.





tysdag 12. april 2011

Årets første båttur!

 

Har hatt eit heilt fantastisk nydeleg vêr no i helga, sol og opp til 17 grader! Deilig! Søndag tøffa me ut fjorden for første gong i år, båten starta på eit blunk. Temmeleg stilt ute, så det var perfekt båtvêr. Og med årets første båttur, høyrer òg årets første grilling med. Så på Torsøy stappa me i oss pølser, og spela boccia! Koseleg!




Korleis går det med poleringa di Nerland? Får du sjøsatt bussen snart??

søndag 3. april 2011

Topp nr 1: Solandsvarden!

I dag var det på tida å starte med 10 på topp for året, og då fall valget på Solandsvarden! Eit lite strategisk og ikkje heilt gjennomtenkt valg kan du seie, for det vart ein litt strabasiøs tur. Stikkord: SNØ! Men me hadde likevel ein fin tur, og når sola braut gjennom skodda, vart det rett så fint. Men det var godt å komme seg heim att og få av seg blaute sko og vri opp labbane.









I dyrehagen!

Legg her ut nokre bilete frå sist helg, då me var ein tur i dyrehagen på Moi! :)








laurdag 2. april 2011

På vikingtokt!!

Sidan Viking stakk av med sigeren over Fredrikstad i stad, tok me oss ei aldri så lita vikingtokt. Fekk samtidig lufta syklane litt òg! Viktig med hjelm - både på sykkel og i skipet!



fredag 1. april 2011

Bading på gong!


I går starta badesesongen her på Sørlandet, men eg trur eg ventar eit par månader med å hive meg uti sjølv!