torsdag 30. desember 2010

Seier i dag!

Me måtte i år gjenta suksessen med cup i Træffhuset, som me vann i fjor. Spela 5 innledande kampar, der me vann alle, og det var dermed duka for finale. Den vann me heile 5-0! Artig-artig!

laurdag 25. desember 2010

Det er jul! :)

Slenger ut nokre bilete frå gårsdagen, sjølvaste julaftan!




 




søndag 12. desember 2010

3.søndag i advent!

Så tenner me tre ljos i kveld, for lengsel, håp og glede... Me har òg brukt dagen i dag til å bake lussekattar, kan no ikkje vere noko dårlegare enn Linda... Så no har me ete alt for mykje, og er klare for å benke oss framføre fjernsynet med handballkamp Norge-Sverige. Artig med handball! Heia Norge!!





tysdag 7. desember 2010

Utsikt frå Tollbodbrygga


Var så fin himmel og sjø ute her no, så slenger inn eit bilete teke frå verandaen på jobb!

søndag 5. desember 2010

Snø, snø, og meir snø...

Natt til i går kom det ein del snø, og utover dagen i går kom det endå meir, så no er det heilt kvitt i Flekkefjord. Var ute og rusla oss ein tur i finvêret i føremiddag.




Legg også inn nokre bilete frå før me for på julebord i går, fått på oss finstasen.


laurdag 4. desember 2010

Julestemning!

No har me komme opp til fleire dagar inn i sjølvaste julemånaden, og me i Flekkefjord byrjar å komme i julestemning! På jobb har me som vanleg adventskalender, og eg var så heldig å få pakke 1.desember! Fekk 4 glasspeildingsar for å setje ljos på, kjempefine! I går tok me òg julebilete på jobb! Juletreet i parken er tend, og julegatene det samme, koseleg!!








I kveld skal me på årets første julebord, med Vollen FK! Skal bli godt med julemat!

Sjå heimesida til Regnskap-Service for julebilete!

søndag 28. november 2010

1. søndag i advent!


Då har me tend det første ljoset, så no er adventen i gang! I går pynta me óg, så no er det rett triveleg me oss!

onsdag 17. november 2010

Onsdagskos!


Er tross alt lillelaurdag i dag, så då kosar me oss med muffins, oscar sylte-brus, film og levande ljos!

torsdag 11. november 2010

Nok ei heklahue!


Då er eg jaggu ferdi med endå ei hue. Den har for så vidt vore ferdig hekla ei stund, men det tek som kjend lang tid å feste alle endane!

tysdag 2. november 2010

I Haugesund på kamp!

På søndag var me som kjend i Haugesund for å sjå på kamp, Haugesund-Molde. Me tok laust ganske tidleg, og fekk med oss både bautasteiner, sightseeing og middag før kampen. Ferje tok me óg! Og det viktigaste var sjølvsagt: Molde vann!! :D Det gjorde turen heim i regn, mørke og skodde vertfall litt lettare.






torsdag 21. oktober 2010

Haust!

Hausten er her, hadde eg tenkt å skrive, men i dag kom no eigentleg vinteren då men. Her kjem vertfall ein aldri så liten haustfilm.

fredag 15. oktober 2010

Den store kinokvelden!

I kveld får X-faktor vere X-faktor, og Senkveld vere Senkveld, for i kveld er den store kinokvelden. Eg og Per Gunnar har nemleg bestilt billettar til både Maskeblomstfamilien og Fritt Vilt III! Så då blir me å finne i kinosalen i Kvinesdal frå åtte og nesten til midnatt!!

søndag 10. oktober 2010

Siste toppen for i år, nr 18!!

I dag var tida komen til den aller siste "Ti på topp"-turen vår i år, nemleg Veden Stod. Tykte det var så langt og hardt i fjor, så har berre utsatt denne toppen, men no var det ingen veg attende. Det var ganske vått i dag, men elles var det ikkje så gale likevel. Strålande sol og fint vêr når me starta, så me gledde oss til me kom til toppen og skulle nyte ei flott utsikt. Men som de ser, var den ikkje så flott likevel, for skodda hadde sege innover frå havet, så det var ikkje mogleg å sjå det slag.



Minigolf!


Må legge ut bilete av denne fantastisk fine banerekordtavla på minigolfen på Moi!

søndag 3. oktober 2010

laurdag 2. oktober 2010

Laurdag!

I dag har me vore på Moi og spela minigolf, sjølv om vêret ikkje var heilt på topp, så var det artig likevel. Stor innsats frå fire ivrige spelarar.


Etter at me kom attende til Flekkefjord, måtte me ha vår obligatoriske tur til Pizza Inn, der me fekk ete oss gode og mette på pizza. Etter at denne var fordøyd, har me slappa av i leiligheita, med litt fjernsynssjåing og speling av diverse spel.


fredag 1. oktober 2010

Storbesøk!


No har me fått besøk i helga, då Nerland og Liv Mary har teke turen! Ute og ruslar oss ein tur no.

Oslotur!!

Forrige helg tok eg og Per Gunnar turen til sjølvaste hovudstaden, der me besøkte Linda og Michal. Me reiste på førmiddagen på laurdag, og var heime att tysdag kveld. Når me kom vart me henta på Gardermoen av Linda, så var det ein snartur innom leiligheita, før me satte kursen mot Lillestrøm og Moldekamp. Michal vart letta då Molde fekk mål på slutten, med tap såg han for seg ein "triveleg" laurdagskveld saman med sure Moldesupportarar. På veg heim stakk me innom ein restaurant og fekk oss noko god mat.


På sundag var me først og såg på barnehagen som Linda jobbar i, medan resten av dagen stort sett gjekk med til fotball. Først med United-kamp på TV (saman med Linda's krydderkake), så bars det avgarde for å prøve fotballgolf. Artig var det, men til tider ganske så frustrerande òg.


I kveldinga fekk me servert ein betre middag, då den svenske stokkanda kom på bordet saman med heimelaga appelsinsaus og anna tilbehør. Nydeleg middag! Etterpå såg me VIF-Brann på TV, sidan Per Gunnar tykte det vart for kaldt å reise til Ullevål. Fekk òg med oss ein del Ludo-speling i løpet av helga, med ivrige deltakarar.



På måndag medan Linda og Michal var på jobb, tok eg og Per Gunnar turen til Tveitasenteret, som eg trudde låg rett borti vegen der. Vart litt lenger å gå enn me trudde, menmen. Der fekk Per Gunnar kjøpt seg eit par sårt tiltrengde innefotballsko, i tillegg til at me var på kafé saman med alle pensjonistane, og sørlendingar som me er, kjøpte me oss kvar vår sørlandsbolle. Når me kom heim att måtte eg ha eit bilete saman med ei av solsikkene utanfor blokka deira.


Måndagskvelden var eg, Linda og Per Gunnar på kino og såg Varg Veum, ikkje spesielt folksamt på kino i hovedstaden heller, sjølv om det kom nokre fleire etter dette bilete vart teke.


Tysdag vart nytta til å pakke og reise, i tillegg fekk me med oss eit siste slag med Ludo, og litt speling på Nintendoen før avreise.