søndag 28. mars 2010

Årets første topp: Høgåsen!


Då var det igjen tid for å starte med fjellturar! Høgåsen vart første topp ut! Ein ganske kort og grei start. Litt grått er det ute, og regnet kom óg no.. Men godt å komme i gang vertfall!:-)

laurdag 20. mars 2010

Fruktsalat


I staden for å la meg freiste av potetgullet som ligg og ropar i skuffa, så har eg laga meg fruktsalat! Beståande av eple, pære, appelsin, drue og kiwi! Sunne meg! Namnam!:-)

måndag 15. mars 2010

Onkel politi og Vollen-cup

Då var helga over, og på laurdag tilbrakte me ein god del av dagen i Ueneshallen på Vollen-Cup! På veg opp til hallen vart me imidlertid stoppa i politikontroll. Det var ein rutinekontroll, der me måtte vise vognkort og førarkort. Einaste problemet var at eg som var sjåfør for dagen ikkje hadde med meg førarkortet, fordi pengboka låg igjen heime sidan me skulle på cup. Me hadde berre med oss noko cash, slik at me ikkje trengte å passe på pengbøkene medan me spela.. Andresjåfør Per Gunnar hadde heller ikkje med seg lappen, så det var jo flott det. Me viste han vognkortet, og han tykte me såg så ærlege ut, så det gjekk greit for denne gongen. Gjett kven som ikkje lenger har førarkortet i pengboka, men som har lagt det i bilen for godt??

Politiet, her representert ved min barndomshelt Pelle Politibil

Så over til cupen. Som tidlegare nemnt, var det berre 3 damelag med, så me skulle spele dobbel serie, dvs to kampar mot kvart av laga. Første kampen starta med tildels nervøst spel, men me rodde i land ein 1-0 seier. Dei to neste kampane våre endte òg 1-0, og då hadde me allereie vunne cupen, sidan dei to andre laga hadde spelt uavgjort mot kvarandre. Siste kampen dobla me antal mål, og vann 2-0! Eg vart faktisk toppscorar med 3 mål! :) Sidan me no har vunne cupen 3 gonger (i 2007 og 2009 i tillegg), så fekk me òg vandrepokalen. Så då var det duka for litt feiring på kvelden, med pokalfest på Grand Hotell.

Det gjekk ikkje like bra med laget til Per Gunnar, men det skal seiast at både kvantiteten og kvaliteten var betydeleg høgare i herreklassen. Dei vart dermed utslått etter gruppespelet...

Frå pokalfesten på kvelden

torsdag 11. mars 2010

Vår!!

Våren er i anmarsj!! Det er mildt kvar dag for tida (på dagtid), så no er snøen i ferd med å smelte, og snøen/isen som ligg på diverse tak rundt omkring er i ferd med å falle ned. Nesten så eg må ha på meg hjelm når eg går til jobb for tida. Dessutan har kommunen slått av kuldeanlegget på isbanen, så den er stengt og i ferd med å smelte vekk. Noko som kan ta si tid, sidan isen ligg ganske så tjukk, og med mykje snø på kantane. Blir vel ei stund endå til me kan byrje å spele fotball på den. Apropos fotball, så er det Vollen-Cup i helga, både eg og Per Gunnar skal delta der. I dameklassen er det kun 3 påmeldte lag, så me er allereie sikra pokal, hehe :) Dessutan brakar eliteserien laus i helga, blir spanande å sjå korleis det går mot Rosenborg på sundag, me får satse på ein supergod start!! :)

Bilete av nokre ihuga supporterar som er nervøs for seriestarten:


tysdag 9. mars 2010

Rundtur i Flekkefjord

Her kjem eit par filmsnuttar som me tok opp på sundag når me var ute og vasa:



søndag 7. mars 2010

Søndagstur!!


Etter først å ha gått på skøyter tidleg i dag, kom sola fram og me har fått nok ein nydeleg dag i Flekkefjord. Me fann ut at det ikkje gjekk an å berre sitje inne på ein slik dag, så me pakka kakao, kjeks og plommer i sekken og kom oss ut på tur i finvêret.