onsdag 30. desember 2009

Seier i XL-Bygg Cup!!

Me vann GULL i dag!! :D




Tina, Aina, Stine Maren, Ranveig, Anita, Heidi Iren.





Link til bilde på Rbnett.

Wiiiiiiiiiiii

Måndag var me med Mariann og spela Nintendo Wii! Eg, Per Gunnar, Siv Katrin og Kari. Var kjekt og treffe igjen folka, ikkje kvar dag lengjer det... Åt potetgull og dipp gjorde me òg!:)

Her kjem nokre fine bilete:








søndag 27. desember 2009

Spikarmatte!



Då har eg hatt mine første 10 minutt på den nye Shakti-matta mamma var så heldig å få til jul! Var ikkje noko serleg godt dei første par minutta, men ein vente seg til det etter kvart, og det gjekk då an å liggje litt meir avslappa. Kjente at eg vart heilt varm på ryggen etter ei stund. Det ska visst vere med på å auke blodsirkulasjonen, løyse opp spenningar og gje djup avslapping! Hjelp vel ikkje akkurat noko serleg med berre ein gong då men...

Fleire som har testa ut spikarmatter?

fredag 25. desember 2009

Julaftan!

Her kjem utvalgte bilete frå julaftan:













Tusen takk for alle gåvene eg har fått!:)

onsdag 23. desember 2009

Lille julaftan!

I dag er det lille julaftan, og det betyr ein ting: Mandel i grauten. Linda fann mandelen i fjor, og ho måtte difor kjøpe mandelgåve i år. Ho fann den så klart i dag òg... Alltid like spanande å sjå kven som endar opp med den, (ikkje like spanande for nokre år sidan kanskje, då eg fann han ca. 5 år på rad då men...:) Linda er i gang med det same no ser det ut som.

I tillegg har me pynta treet, lagt gåvene på rett plass, og hoppa litt!












Nye fjernsyn!

No har ho mamma gjort storinvesteringar før jul. I overigår var me på Lefdal, og kom heim med ikkje berre eitt, men to fjernsyn!! Eit som heng på veggen på kjøkkenet, og eit nytt på stua. I går monterte me, hengte opp og styra på, så no er alt klart til hovmesteren kjem i kveld!



tysdag 22. desember 2009

Baking på Gossen i dag!




I dag har me baka kvite kakemannar, det var god det. Varme, nysteikte menn, damer, grisar, stjernar, hjertar, mmmmmm, godt ja! :)
 







laurdag 19. desember 2009

Ferdigstrikka! :D

Heyy! Ganske fornøgd med meg sjølv no, eg har nemleg klart og strikka ferdig eit par labbar! Plana var å bli ferdig før jul, og det klarte eg jo. Hugsar sist eg strikka labbar, då låg dei eit halvår før eg gidda å feste alle dei lause trådane. Men det har eg òg gjort no. Dei passa til og med, imponert over meg sjølv eg! ;)
Dei blir god å ha no som vinteren har satt inn for fullt, med ein temperatur som i går kraup ned mot 10 minus, og i dag som snøen lavar ned.

Sjå så fin dei vart:





fredag 18. desember 2009

Fenalår!


I dag var me så heldig at Per Gunnar vann ei flaske vin i adventskalenderen på Eik. Og me var endå heldigare når han klarte å bytte til seg eit fenalår i stadenfor! Så no sit me og kosar oss med fenalår, flatbrød, potetgull og øl, og nyt juleferien som nett har starta.

torsdag 17. desember 2009

På glattisen!


I dag tok me våre første skøyteskjær for sesongen. Vår næraste nabo, isbanen, opna nemleg i dag, og då måtte me jo snøre på oss skøytene og komme oss utpå. Det var kjekt at den opna før me reiser heim til jul. Me må vel utpå igjen i morgon og laurdag ein tur óg!

Pakke!:-)


Kor heldig er ikkje eg?! I dag fekk eg pakka i adventskalenderen på jobb, i den befann det seg ein nisse og ei eske med Toffifee!

søndag 13. desember 2009

Luciadagen!

I dag er det 13.desember, som er Luciadagen, og etter tradisjonen har me difor baka lussekattar!
Me laga deigen før handballkampen, og så rakk me akkurat og trille dei ut i pausa. Dei var så gode som dei brukar å vere, så no har me stappa innpå eit tosifra antal, til saman vel å merke...

Bilete frå bakinga, når dei er nysteikte, og ved konsumeringa:









Det einaste som manglar no i dag, er at Per Gunnar tar på seg lakenet sitt og går "St.Lucia".

Edit: Han kom til slutt:


fredag 11. desember 2009

God helg!

Vil med dette stemningsbiletet ynskje alle ei riktig god helg!:-)



torsdag 10. desember 2009

Last Christmas!



Er ikkje denne flott?

tysdag 8. desember 2009

Nokon som har det!

















Nokon har ein smule større båt enn andre... Flekkefjords rikaste mann; Einar von Hirsch, eller Einar Gert Christoph von Hirsch som han eigentleg heiter, har lagt til kai ved Tollbodbrygga! Kva er det med at alle rikingar har så innvikla namn?

onsdag 2. desember 2009

Fin-fin himmel på morgonskvisten!



Det var så fin himmel at eg måtte berre ta eit bilete, så no har eg vore ute på verandaen på jobb i kulda. Dei andre skjønte ikkje kvifor eg lufta no når det var så kaldt...
Biletet med mobilkameraet vart ikkje like bra som himmelen faktisk ser ut da men, fint likevel.

tysdag 1. desember 2009

Adventskalender!

Alle nissunger må opp og stå ut å gå, det er første desember i dag!! :D

I år som i fjor har me adventskalender på jobb, dvs at alle sju skal kjøpe tre gåver kvar, på tilsaman 100,- Desse blir lagt under juletreet vårt som Linda har pynta, så blir det trekt ut ca. 1 gåve kvar dag i advent. 7x3 blir som kjend 21, men sidan me ikkje er på jobb på sjølvaste julaftan, pluss i helgene, så blir det sånn akkurat passe mange pakkar. Ikkje så enkelt å komme på kva ein skal kjøpe, men eg har då funne på noko i år òg.

Sidan pakkane ikkje har komme under treet endå, legg eg ut eit passande bilete frå i fjor: