søndag 23. juni 2013

To toppar i helga!

I går stod topp nummer 13 for tur, nemleg Stolsåtå. Og sidan dette tross alt var den trettende toppen, så var det nok ikkje veldig overraskande at eg greide å ha med kamera - utan straum... Men me hadde ein superfin tur, med finfin utsikt på toppen, og bading på veg ned att.

Arkivfoto:

Her har me komme oss attende til bilen igjen:


I dag køyrde me til Feda for å bestige Frøytlandsvarden, litt kronglete og sleip tur, men til toppen kom me oss i dag òg!





Svanefamilie på tur

Her om dagen var me på bystranda og grilla, og då dukka det opp ein liten svanefamilie:


Ut på fisketur - aldri sur!

Forrige søndag tok me turen ut på fjorden, for å sjå om det var noko makrell og få. Starta å fiske, og ikkje lenge etterpå drog me opp fisk etter fisk, men det var kun sei å få. Prøvde ein annan plass etterpå, og der òg krydde det av sei, mange ganske små, så dei fekk gå. Fekk òg nokre sild, før eg plutseleg drog opp ein makrell, men det vart med den eine.





onsdag 19. juni 2013

Tomlingen

På laurdag pakka me sekken, og la ut på tur mot Tomlingen, Flekkefjords høgste fjell, som ligg mellom Sira og Sirdal. Me hadde ikkje gått så veldig langt når me møtte på dei første eksotiske skapningane:


Når me kom opp til ei seter, tok me oss ein liten matbit og ein kopp kakao, før det bars vidare.



Når me nærma oss toppen, såg me ei rype som letta ikkje langt frå oss, men me var ikkje rask nok på avtrekkaren, så fekk diverre ikkje bilete av ho.
Var noko forblåst på toppen, men var ikkje verre enn at me tok oss ei matpause til i det mektige fjellandskapet.









På vegen ned satte eg plutseleg i eit hyl og hoppa avgarde, det låg nemleg plutseleg ein orm midt i stien!



søndag 16. juni 2013

Topp nummer 11...

...vart Høgåsen, der me var for eit par helger sidan. Ikkje så veldig lang tur, men me fekk vertfall lufta oss litt! Utsikt mot Uenes Stadion, byen og utover fjorden.





På fisketur og fjelltur

Siste fredagen i mai, pakka me i båten og belaga oss på overnattingstur. Køyrde ut til Husøya utanfor Hidra, der me sov over til laurdag. Då var det tidleg opp, og ut på fisketur!



Utpå laurdagen var det tid for fjelltur, og me besteig dermed Søylandsvarden. Først sykla me opp til Søyland, før me tok føtene fatt oppover mot topp nummer 10!




laurdag 15. juni 2013

Gulbergknuten

Måndag 20.mai tok me turen til Gulbergknuten på Moi, som då vart topp nummer 9 for året. Ein passe lang tur, men litt ekstremt mot slutten av toppen, med noko klatring. Men fin utsikt når me kom oss opp!!





17. mai, pinse og storbesøk

I pinsehelga fekk me tradisjonen tru besøk av Liv Mary og Nerland. Her feirar me bursdagen til Liv Mary, litt på etterskot.




17.mai-feiring vart det òg, og me hadde oppstilling utanfor for fotografering i alle moglege kombinasjoner, her er ein brøkdel av bileta:








Saluttane small mellom øyrene på oss, og Liv Mary hoppa i vêret meir enn ein gong. Me var og såg på toget og roinga, før eg og Per Gunnar spela kampar på Vollen, me vann heile greia som i fjor!


På laurdag for me avgarde i båten, og tok kursen mot Øyna. Me tok først turen opp på Brendøyknuten, før me for ned att for å grille!





Søndag fortsatt me å halde på tradisjonane, og tok turen til Pizza Inn.



På måndag var det reisedag, og då for me innom Stavanger og kikka litt før det bars avgarde til flyplassen.