laurdag 20. august 2011

På toppen av Bronefjell


I dag tok me fatt på ein topp me har gruva oss litt til, det var nemleg ei umerka løype blant dei 18 toppane i år, og det var Bronefjell. Starta tidleg på dagen, og proviant hadde me òg me, i tilfelle me skulle gå oss vill, sidan våre kartkunnskaper er så som så... Men det vart enklare enn forventa i dag, fann eigentleg vegen ganske greit - både opp og ned. Litt regn måtte me tåle, og utsikta stod i stil med vêret! Då er det kun tre toppar igjen for i år!


Fredrikstad-tur

Her kjem nokre bilete frå då me var i Fredrikstad forrige helg:














fredag 12. august 2011

Brufjell!

I ettermiddag gjekk turen til Roligheten og Brufjell, fint vêr - og ikkje minst FANTASTISK utsikt!! Bading på rullesteinsstranda vart det i år òg.







tysdag 9. august 2011

Mamma-besøk!

Torsdag kom mamma fykande i SørVestEkspressen frå Stavanger, og var deretter "kasta" inn i bilen vår, og plutseleg var ho i Kristiansand. Måtte jo ha med oss kampen mot Start, og det vart seier gitt! Fredag medan Per Gunnar var på arbeid, vart det tid til litt shopping for oss to. I kveldinga gjekk me oss ein tur til det nye utsiktspunktet på Lilleheia, fin utsikt over byen og fjorden.



Etter turen vart det fotballkamp på fjernsynet, potetgull og øl på bordet, og det første slaget med vriompeis vart spela, eg vann!

Laurdag tok me først turen til Moi for å sjå på jobben til Per Gunnar, før me etterpå tok båten ut til Torsøy. Der vart det grilling, bading og soling!



Om kvelden vart det vriompeis igjen, då var det mamma som stakk av med sigeren.

Søndagen starta med nok ein omgang med vriompeis, og då fekk endeleg Per Gunnar sin seier. Etterpå bars det avgarde på fjelltur, då me gjekk til Høgåsen. Då fekk eg og Per Gunnar vårt 13.klipp i "ti på topp"-folderen vår!






Etter ein vel gjennomført fjelltur, gjekk turen til Moi for å spele minigolf. Alle greidde "hole in one" på nokre av banane, sjølv om nokon endte om med mindre poengsum enn andre.


Etter golfinga køyrde me til Kvinesdal og Utsikten, der me først fekk sett ein artig bil, og etterpå fekk oss ein god middag. Dei hadde buffét, så me var å forsynte oss både tre og fire gonger! Vart mett ja!! Etterpå var me ute på utsiktspunktet og såg utover Fedafjorden, flott utsikt!






I går fekk me shoppa litt igjen, før mamma pakka kofferten og satte seg på bussen attende til Sola. Takk for eit hyggeleg besøk!!

fredag 5. august 2011

På tur til Mønstermyrvarden på onsdag!

Etter jobb på onsdag fann me ut at det hadde vore kjekt med ein fjelltur, og valget fall denne gong på Mønstermyrvarden. Ein ikkje alt for lang tur, som var fin å ta på ein kvardag. Når me kom oss på toppen fekk me god utsikt utover havet og me fekk òg sjå Lista fyr i det fjerne. Var overskya, men varmt, så på vegen ned att måtte me ta oss eit bad, digg!




tysdag 2. august 2011

Super-helg!

Har hatt eit heilt fantastisk vêr i helga, og då har me benytta oss godt! Fredag etter jobb, bars det rett i båten, som frakta oss ut til Torsøy. Der bada me blant brennmanetane, og "gjekk åt" på brygga i sola. Årets første overnatting i båten vart det òg. På laurdag satt me kursen ut mot Øyna/Hidra, tok oss eit bad midt i fjorden, før me prøvde fiskelukka litt. Var ein del vind der ute, så vart ikkje mange draga, og heller ingen fisk. Så tok me turen gjennom Eie-kanalen og ut til Rasvåg. Der fortøyde me båten, og tok oss ein tur opp på Langelandsfjell, før me kom oss ned til eit velfortjent bad. Stakk innom Huk på Øyna på veg heim, for litt grilling i hui og hast, for me måtte jo rekke Molde-Vålerenga på TV, og det gjekk jo rett so bra!

Kveldsmat i båten

Heidi

Solnedgang sett frå Torsøy

På søndag kom Per Gunnar med det supre forslaget om å fare til Lista for å finne ei strand, der me kunne sole oss og bade. Og for nokon strender det var der!! Var jo nett som å koma til Syden! :) Var ein del vind heilt nede med sjøen, men etter kvart fann me oss ein plass litt lenger opp på stranda, der me fekk ligge i ly for vinden. Det var også flystevne på Lista den dagen, så det flaug stadig nye (gamle) fly over hovudet på oss. Me var på stranda der nesten heile dagen, og vart både brun og rosa, hehe! :)

Strand så langt auge kan sjå!



Han ser på...

...fliiiiiiiiiiiiiiii

"Åtgått" 1


"Åtgått" 2


"Åtgått" 3