fredag 30. juli 2010

Søylandsvarden, topp nr 12 for året!

I kveld tok me turen til Søylandsvarden. Fin tur med blåbær ved stien, sjølv om det vart litt "snekje" på toppen, då det bleste ein del der. Litt grått var det óg der oppe, så ikkje den heilt store utsikta.




onsdag 28. juli 2010

Ny mobil!


Då har eg vore i byen og henta den nye mobilen min. Må teste ut korleis det er å blogge med den. Sit no på ferjekaia og ventar på ferja.

tysdag 27. juli 2010

Båttur til Håholmen i går!

I går var eg så heldig å få vere med Per Gunnar, Liv Mary og Nerland på båttur til Håholmen. Der åt me fiskesuppe ombord i ein båt, og rusla oss ein tur rundt øya. Fin båttur med kjekke folk!










måndag 26. juli 2010

Ishockeymatch!


Noreg vann overlegent dagens ishockeykamp mot Sverige, med sluttresultatet 9-4. Sverige fekk forøvrig godkjent eit mål som burde vore annulert. Noreg er på biletet representert ved Per Gunnar.

søndag 25. juli 2010

Ny heklahue!

Då har eg vorte ferdig med endå ei heklahue, og neste prosjekt no er eit skjerf!

Fin himmel på Gossen!

Legg ut nokre bilete som er tekne frå huset vårt på Gossen medan eg har vore heime:



laurdag 17. juli 2010

Topp nr 2 i dag!


Då har me komme oss opp på topp nr 2 for dagen, Storklauva. Jendemsfjellet i bakgrunn. Fint turver i dag, og begge ved godt mot!:-)


torsdag 15. juli 2010

Molde-kamp!


Då er supersupportarane på plass!

søndag 11. juli 2010

Bursdag og båtdag!

På fredag hadde Per Gunnar bursdag, og me feira då med pølse, stappe og potetgull, og gele!



Utpå kvelden kom Per Gunnar med eit forslag om å stå opp tidleg på laurdag, og fare ut for å fiske. Sidan han hadde bursdag måtte han få vilja si, så då var det berre å komme seg opp i 6-tida. Når me først kom utpå og drog opp den eine makrellen etter den andre, angra eg ikkje på at eg sa ja! Fekk òg ein lang snåling med skummelt nebb! Men den fekk sleppe ut igjen, saman med ein del småsei.






No har Per Gunnar fylt opp frysaren med fisk nok fram til jul!
Etter fiskinga fekk me tid til ein is, bading og litt soling på Øyna, før me måtte setje kursen mot land og Moldekamp.

Pollfjell, topp 11!


I dag lova yr oss sol klokka 11, men den har endå ikkje dukka opp. Me har difor karra oss opp på Pollfjell. Har óg tørka støv av syklane, så no har me verkeleg vore spreke!


fredag 9. juli 2010

Gratulerer kjære Per Gunnar!

Tenk i dag er Per Gunnar heile 27 år! Gratulerer så mykje!


Håper du har hatt ein fin dag så langt, og at resten av dagen òg blir fin! Eg elskar deg!!
Kyss og klem frå jenta di!

måndag 5. juli 2010

Topp nummer 10 på laurdag!


På laurdag så tok me turen til Moi, for å ta topp nummer ti, som vart Gursli Gruver. På vegen var det forskjellige hinder, som Linda og Michal er inne i her.


Når me nesten var framme ved målet, dukka jentehytta opp, då måtte jo me jentene stille oss opp.


Her var det ei som var glad for at me var framme, og ho har no skrive seg inn i boka, og fått seg ein nektarin og ein vasskvett.



Sjølve gruvene var stengt, så Per Gunnar måtte nøye seg med å stå utanfor.

På turen attende, vart det bading på oss fire yngste, litt kaldt, men godt likevel. Michal tok sitt første bad for året, og det var jaggu på tide.

fredag 2. juli 2010

I Stavanger på sandvolleyball!

I går var eg, Linda, Michal og mamma ein tur i Stavanger for å sjå sandvolleyball. Sat i solsteiken i mange timar for å sjå på. Var bra stemning, fint vêr og mykje flott volleyball, sjølv om det ikkje gjekk like bra med alle dei norske laga..


Etter volleyballen var planen å shoppe litt, men to av oss var ikkje heilt i shoppinghumør, så det vart ikkje den heilt store handlinga. Men Michal fekk skaffa seg Tour de France-magasinet, så då var dagen redda! Og eg vart fotografert saman med ein artig kar! :)


Etter kvart starta me på heimvegen, men stoppa på Ålgård hjå tanta og onkelen til Michal, der me fekk servert is og fersken, og traff ein litt skummel hund.