måndag 28. september 2009

Langelansfjell!

På sundag var det Langelansfjell på Hidra som stod for tur. Eg, Per Gunnar og Sigbjørn tok båten og køyrde til Rasvågen, der me la til ved den nye gjestebrygga. Deretter var det å finne vegen til toppen me skulle på. Me såg litt på eit kart, og fann ut sånn ca kor me skulle starte hen, og etter me hadde gått eit lite stykke, dukka det opp eit skilt med det rette namnet på. Turen opp gjekk radikt, og når me kom på toppen fekk me sjå eit minnesmerke som ungdomen (her representert ved Sigbjørn Emil) hadde sett opp. Som de ser, var det ei fantastisk utsikt på toppen! :P Dette var topp nummer 13 i år, så no gjenstår kun to til me har knekt alle.



fredag 25. september 2009

Pondus!

Sleng inn ei pondus-stripe i dag:

tysdag 22. september 2009

Då er hausten komen!

Når me kom heim frå Sardinia, hadde det skjedd ei endring i Flekkefjord. Det hadde nemleg vorte haust... Trea hadde fått sine flotte haustfargar, og temperaturen var ikkje lengjer den samme. I går måtte eg rett og slett på med den tjukkaste jakka mi. Sjølv om det går mot mørkare tider, så er hausten ei vakker tid. Ser fram til fine fjellturar no utover, der me kan nyte den fine naturen vår. Og sjølv om det regnar i eitt sett, så er det deilig å kunne å kose seg innandørs, gjerne med ein kopp kakao og ein god armkrok! Nyt hausten folkens!



søndag 20. september 2009

Sardiniatur!

Då he me komme heim frå ei deilig veke på Sardinia! Veka gjekk utruleg kjapt, men det var godt å komme heim att òg!

Me har bada i sjøen, sola oss, venta på bussen, sprunge i regnet, bada i bassenget, besøkt grotta is zuddas i Santadi, tatt buss, leidd oss leiebil, kasta ball i vatnet, drukke vin, ete is, venta på bussen, tatt taxi, ete is, sykla på tandemsykkel, køyrd oss vill, jogga på stranda, ete krosanter, vore i gamlebyen i Cagliari, ete pizza, besøkt ruinbyen Nora, spela kort, testa ut treningsrommet på hotellet, sett Elefanttårnet, tatt turisttog gjennom gamlebyen, vore i eit høgt tårn, sett artige bilar og kosa oss!

Her kjem nokre utvalgte bilete:














onsdag 9. september 2009

Sardinia - here we come!! :)

I morgon reiser me til Italia og Sardinia, nærmare bestemt Capoterra utanfor byen Cagliari. Sjølv om det etter vêrmeldingane ikkje akkurat er meldt det beste vêret, så blir nok dette bra! Reiser til Sandnes i dag, for å overnatte på eit motell der, sidan flyet går så tidleg i morgon. Me skal mellomlande både i Amsterdam og Milano, og skal etter planen vere framme på flyplassen i Cagliari klokka 15.10. Koffertane er omtrent ferdig pakka, så spørs det om me har med oss det me treng eller ei. Så no ser me fram til ei veke i varmare strok, der me skal slappe av og kose oss! Me gler oss!! :-D


Her finn de ein link til hotellet: Hotel Santa Lucia Capoterra