måndag 20. september 2010

Heklaskjerf!

Då er eg endeleg ferdig med heklaskjerfet som eg byrja på for sånn omlag to månadar sidan, tok si tid då men. Er vertfall storfornøgd med resultatet, og no når det byrjar å bli kaldare i vêret passar det fint med eit skjerf!

søndag 19. september 2010

Ei duft av haust!

No nærmar det seg haust, eller rettare sagt så har vel hausten allereie komme, temperaturane er ikkje lenger dei same, og trea har starta på fargeendringane sine. Men eit sikkert haustteikn, det er dufta av fårikål, og den ligg tjukt i leiligheita vår i dag. Me har nemleg nettopp satt til livs ein stor kasserolle med nydeleg fårikål!




torsdag 16. september 2010

Septemberoppdatering!

No var det faktisk så lenge sidan eg har blogga, at eg berre må slenge inn eit innlegg sånn på måfå. Sidan forrige innlegg har me vore i Danmark med Vollen, med fotball, gokart, bowling, mykje kubbespelspeling, bading og av og til noko godt i glaset. Me har køyrd helikopter inne og ute, eg har spelt bortekamp som me vann 2-1, me har vore i Kvinesdal på kino med berre eg og Per Gunnar som betalande besøkande (billettøren sat òg i salen), Molde har vunne sin første kamp på leeeeenge - noko som førte til jubel i heimen, me har òg feira 6-årsjubileum to dagar til endes, som inkluderte middag og kino i Lyngdal i går!

Nokre illustrerande bilete: