måndag 18. mai 2009

Nykløpt!


Har endeleg somla meg til frisøren i dag - på tide!
Det resulterte i lyse stripar, litt kortare hår, ei fornøyd jente, og 1.350,- kronar fattigare.. Men absolutt verdt det!

17.mai-helga

På laurdag var me på båttur:

Hehe, sjekk håret! lol :)

På kvelden feira me Rybak og Grand Prix-seier:
Frå 17.mai:


Gjekk du i tog??

onsdag 6. mai 2009

Oslo-besøk og båtturar!

Litt treg å legge inn ting her eg no…. Men her kjem det nokre bildar frå helga, som mest besto av Oslo-besøk og båtturar! :) Og litt fotball...

Fekk besøk av Linda og Michal på torsdagskvelden, då såg me ein film før me gjekk og la oss.
Fredag for Michal og spela golf, mens Per Gunnar pluteseleg måtte hente båten i Lyngdal. Eg og Linda gjekk opp på Storheia ein tur, før det vart grillings. Når Per Gunnar ankom Flekkefjord, sto me på Tollbodbrygga og tok i mot dei. Måtte sjølsagt ta oss ein aldri so liten båttur etterpå, før me for på quiz. Det var so stort oppmøte at me måtte ha to lag: Lag 1, og Innbytterbenken. Lag 1 tok ein knepen seier, utan at me treng å seie kven som var på kva for eit lag. ;)

Linda på veg opp på Storheia



Michal, Per Gunnar og Linda på quiz fredagskvelden.

Laurdag vart det òg ein liten båttur, før Per Gunnar og resten av reiarane for på dugnad. Me andre for på shopping, noko som endte opp med nye solbrillar og ny bukse til meg. Mens Linda kjøpte seg ein buksetights og eit puslespel, samt at me kjøpte bursdagsgåve til mamma. :)


Skippar Linda, og ein noko skeptisk 1.styrmann Michal.

Etterpå vart det pizza og kamp, der Molde fullt fortjent vann 2-0 over Aalesund. Per Gunnar for på dugnad igjen, mens me andre åt potetgull, godteri og is framføre fjernsynet. Eg og Linda tok oss òg ein tur og inspiserte jobbinga og hjalp til litt, mens Michal såg at Barca knuste Real Madrid.

Dugnad

Når Per Gunnar kom heim måtte me prøve brillespelet før me la oss.

Søndag måtte besøket vårt reise heim att, var veldig kjekt med besøk! :-)
Me for då på båttur inkludert grilling og sightsing til Hidra, var ikkje heime før i halv 10-tida på kvelden faktisk. So fekk testa ut båten litt då!