torsdag 27. oktober 2011

Oslo-helg!

I helga tok me turen til Oslo for å besøke Linda & Michal. Hadde òg planer om å få med oss Stabæk-Molde, noko som lukkast sånn halvveis, då flyet var forseinka... Men fekk no med oss ein del da, om ikkje anna enn jubelbrølet av scoringa til Molde.
På laurdag var me å spela fotballgolf, så var me ute for å ete middag, før me avslutta dagen med ein tur til Holmenkollen, som var rosa for anledninga! Eg og Per Gunnar gjekk den lange vegen opp unnarennet, mange trappetrinn gitt!







Søndag var det duka for ein tur til operaen i Bjørvika, så no har me vore skikkelege turistar!



LITT speling av togspelet på i-paden til Michal vart det òg i løpet av helga..!

søndag 16. oktober 2011

Båttur og fjelltur

Me har hatt ein fin søndag så langt, med båttur og fjelltur, og medan me no ventar på kampen i kveld, så står fårikålet og putrar på komfyren! Først tok me oss ein båttur, eigentleg berre fordi det var så lengje sidan sist me hadde starta båten, så me putra oss i veg, og hadde tenkt å ta ei runde rundt Torsøy og attende. Per Gunnar slengde ut snøret berre for artig og plutseleg fekk han napp gitt! Og opp kom ei fin aure, som vart fortært til lunch! Me fekk òg sett opp til fleire svanefamiliar på tur!



No i ettermiddag tok me oss ein tur opp på Høgfjell, fin utsikt som alltid! Og MFK-huene er så klart på på kampdagen!



søndag 2. oktober 2011

Sommar i oktober!

Skikkeleg deilig vêr i går, over 20 grader og sol, shortsvêr!! Det måtte me benytte oss av, og var ute mest heile dagen. Først tok me oss ein sykkeltur, her er bilete frå eit utsiktspunkt med utsikt over byen.



Etterpå hadde me med oss ein haug med pikk-pakk, og for på stranda på Grønnes. Der låg me rett ut i sola og kosa oss, spela litt badmington, triksa fotball og spela kort. Grilling vart det sjølvsagt òg tid til.